Kvinneleg «vampyr» funnen – gravlagd med sigd rundt halsen

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I landsbyen Pień i Polen har forskarar nyleg funne eit kvinneleg skjelett som var gravlagd slik at ho aldri skulle kunne stå opp frå grava.

På hennar venstre storetå hadde ho ein trekanta hengelås, og ein sigd rundt halsen heldt ho til bakken.

– Sigden var ikkje lagt flat, men plassert på halsen slik at dersom den avdøde hadde prøvd å reise seg, ville hovudet truleg verte kappa av eller skada, fortel arkeologiprofessor Dariusz Poliński frå Nicolaus Copernicus University til The Daily Mail, som først omtalte saka. Han har leia forskarlaget som har drive utgravingane.

Ho er ikkje den einaste som er funnen gravlagd med antivampyr-tiltak i den polske landsbyen.

Foto: Andrzej Romański/Nicolaus Copernicus University

Trestakar eller sigdar?

Beinrestane syner at kvinna som vart oppdaga tidlegare i haust skal ha vore mellom 17 og 21 år gamal då ho døydde. Ho kan ha hatt ei pute under hovudet, noko som kan tyde på at ho hadde høgare sosial status. Hovudet hennar var dekt av eit skaut som truleg var av silke.

Mystiske grøne flekkar i ganen hennar tydar på at eit tredje vern òg kan ha vore på plass: ein koparmynt.

– Kvinna kan potensielt ha hatt ei form for fysisk nedsetjing eller ei psykisk liding, og vart difor dårleg behandla av naboane sine som trudde ho ville skremme dei etter døden, seier Poliński i ei pressemelding.

Medan ein no til dags gjerne forbind trestakar, sølvvåpen, kvitlauk og sollys med vern mot vampyrar, var det andre forsvarsmekanismar i bruk før. For fleire hundre år sidan gravla ein personar mistenkte for overnaturlege evner på spesielle måtar, opplyser det polske universitetet i ei pressemelding.

Hengelåsen og sigden som vart funne i grava. Foto: Andrzej Romański/Nicolaus Copernicus University

Dei kunne til dømes verte gravlagde med ansiktet ned, bundne med tau i fosterstilling, halshogde, pressa til bakken med steinar eller med stikkskadar i brystet.

Tidlegare har det vorte funne skjelett gravlagde med sigd over halsen eller store steinar plasserte over strupen også i den polske byen Drawsko Pomorskie.

Funnen på slump

Gravplassen i Pień vart funnen på slump då forskarane leitte etter restar av ein landsby kring eit slott frå tidleg mellomalder. Etter å ha granska området, gjekk forskarane opp ein bakketopp for å nyte utsikta.

– Det vert sagt at bein kvitnar under sola, og slik var det i dette tilfelle. På ei høgd ved enden av ei sandgrop, såg vi menneskebein stikke ut frå bakken, minnest Poliński.

Ifølgje universitetet er det til no er oppdaga meir enn seksti graver frå 1600-talet, over eit dusin frå tidleg mellomalder og ei hestegrav i Pień.


Etter det massive utbrotet frå Mount St. Helens 18. mai 1980 leitar to amerikanske soldatar etter dei 68 som var sakna i området. Utbrotet tok 57 menneskeliv og er det dødelegaste i USA si historie. Foto: Austin Post, AP Photo/Gary Stewart