Jannicke Totland
Publisert
Oppdatert 22.11.2022 11:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sarah Zahid har markert seg som ein viktig samfunnsdebattant og sit i ytringsfridomskommisjonen som nyleg leverte rapport til kultur- og likestillingsministeren.

At ho har ei tydeleg stemme viser seg og i skildringa av det fleirkulturelle ungdomslivet i Bjørnholt VGS.

Å stå mellom to kulturar

I diktsamlinga følgjer me hovudsakleg elevane Nawal og Sergio, blant fleire ungdommar på Bjørnholt vidaregåande skule. I møte med dei blir det illustrert korleis det er å stå mellom to ulike kulturar. Og kaoset som kan oppstå når forventingane frå familien, samfunnet og ein sjølv er på kollisjonskurs. Noko som blant anna blir tydeleggjort i diktet:

en eiendomsmegler
fra vestkanten
tok jomfrudommen
til Safiya
på doen på Lawo
fordi hun syntes det var vanskelig å si nei fordi ingen liker jenter som sier nei
han fjerna matchen
dagen etter

Osar av erfaring og innsikt

Skildringane frå miljøet på Søndre Nordstrand i Oslo gjer at diktsamlinga plasserer seg i den moderne heimstaddiktinga. Det er særleg då dikta tek opp tema som tradisjon, fellesskap, identitet og spørsmål om kjønnsroller.

Nylanseringa står noko friare enn den sjølvbiografiske debuten. Likevel osar den av erfaring og innsikt. Og er ein god illustrasjon på klisjeen om at ein kan bli kva ein vil ikkje alltid stemmer i verkelegheita.

Ein modnare penn

Medan debutboka fekk middelmåtige kritikkar meiner eg at Bjørnholt vgs ber preg av ein modnare penn.

Det er tydleg at forfattaren leiker med sjangeren, noko som er eit friskt pust. Dikta er ledige og språket ligg nært talemålet. Likevel skulle eg ynskje meg meir eit fyldigare språk. Keisamt språk og at det finst eit potensiale i Zahid sin forfattarskap kan ein til dømes sjå i diktet «trivsel»:

er stille klasserom 
tom kantine 
ingenting
Bon Iver

Med «potensiale» meiner eg og at nokre av dikta er desidert betre enn andre. Noko som gjer at det er inga tvil om at Zahid er ein forfattar eg gler meg til å høyre meir frå.

Diktsamlinga passar for unge vaksne og oppover som er open for å utforske nye litterære stemmer. Og plasserer seg inn i same sjanger som Tante Ulrikkes vei og Alle utlendinger har lukka gardiner.


Sarah Zahid. Foto: Heidi Furre/Kollasj: Framtida.no

Fakta

Tittel: Bjørnholt VGS

Forfattar: Sarah Zahid

Forlag: Flamme Forlag

Sjanger: Lyrikk

Sider: 104