Poeten har romanar, diktsamlingar og pensumbøker i strafferett på nattbordet.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Poet, politikar for Venstre og samfunnsdebattant. Sarah Zahid (25) har mange titlar, og i tillegg studerer ho juss i Bergen.
Nyleg gav ho ut si andre diktsamling, «Bjørnholt VGS». I 2018 debuterte ho med «La oss aldri glemme hvor godt det kan være å leve». Dette var ei delvis sjølvbiografisk diktsamling, om eg-personen Sarah sin barndom, oppvekst og skuletid på Holmlia. I si nye diktsamling er det litt meir fiktivt:

– Då kjem det færre spørsmål om meg og om dikta handlar om meg. Det synest eg er deilig, sa ho i eit intervju med Dagsavisen tidlegare i år.
Bjørnholdt VGS er ifølgje forlaget ei: «engstelig, rasende, håpefull og utstøtt diktsamling» som handlar om elevane Nawal og Sergio, som begge står i ein kollisjon mellom kva familien forventar av dei, kva samfunnet forventar og kva ein innimellom, i stille stunder, forventar av seg sjølv.
Framtida.no har teke ein kikk i den unge poeten si bokhylle:
Kor mykje les du sjølv?
– Få romanar når eg studerer, så det går nok i diktsamlingar, i alle fall to i månaden så ca. 24 i året? Nei, litt færre.. usikker.
Kva bok ligg på nattbordet ditt?
– Har fått eit boktårn no fordi det ikkje er meir plass i den smale bokhylla mi. Så der ligg det «Hjertet er en ensom jeger», «Vidunderbarn», diverse diktsamlingar og pensumbøker i strafferett for å nemne nokre.


Kva bøker les du helst?
– Stort sett diktsamlingar om familie og oppvekst.
Kor les du?
– Heime i senga eller ute på graset når det er fint vêr.
Kva bøker vart lesne til deg som liten?
– Eg las som regel sjølv. Eg hugsar eg hadde to bøker med fleire eventyr som eg las på repeat. Dei heitte «Godnatthistorier for jenter» og «Barnas store eventyrbok».

Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

– «Primtallenes ensomhet» av Paolo Giordano. Kusina mi fann den på Narvesen og lånte den bort til meg. Den gløymer eg aldri.
Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive?
– «Primtallenes ensomhet» av Paolo Giordano.
Kva bok og/eller forfattar meiner du er undervurdert?
– Linda Klakken er ein suveren poet som fleire burde lese.

Linda Klakken. Foto: Ida Gøytil/Kagge Forlag.
Kva meiner du gjer ei bok god?
– At ho er «ekte» og autentisk. Prøver ein å skrive utan mål og meining, kan ein lett bli gjennomskoda.
Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?
– Kanskje mine eigne, hihi. Men også eg-personen i «Jeg vil våkne til verden» og Mo i «Tante Ulrikkes vei».
Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?
– Det hadde vore spanande å prate med Édouard Louis.

Louis Edouard. Foto: Fin Serck-Hanssen
Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?
– Knausgård kanskje.

Kva av bøkene dine vil du helst sjå filmatisert, og kven spelar hovudrolla?
– «Bjørnholt VGS» med casten frå «19».

Foto: NRK P3
Fakta
- Namn: Sarah Zahid
- Alder: 26 år
- Frå: Holmlia i Oslo
- Utdanning: Juss
- Yrke: Student