Premieredatoen er klar for ny sesong av «The Crown»
Femte sesong av «The Crown» blir sleppt 9. november på strøymetenesta Netflix.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det melder Variety. Serien som følgjer livet til dronninga i fiktiv form er no framme ved 1990-talet. Det inneber skodespelarskifte:
No er det Imelda Stauntons tur til å gestalte dronning Elizabeth II, etter at først Claire Foy og deretter Olivia Colman spelte henne i tidlegare sesongar.
«The Crown» segla opp på topplista til Netflix over mest strøymde seriar veka etter at dronning Elizabeth døydde.
- Kor mykje veit du om dronning Elizabeth? Ta quizen her!
Les også: 50 ting du kanskje ikkje visste om dronning Elizabeth II