Snapchat er størst blant dei unge

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Talet på unge som bruker sosiale medium dagleg, har gått ned med 3 prosentpoeng frå 2020, viser Kantars undersøking Medietrender Ung 2022.

88 prosent ser videostrøyming dagleg (-6), medan 73 prosent (-3) strøymer musikk. Delen som bruker nettaviser dagleg, har gått opp med 3 prosentpoeng til 70 prosent i 2021.

Snapchat mest populært

Flest unge, 84 prosent, er innom Snapchat dagleg. Deretter følgjer Spotify (82 prosent), Instagram (77 prosent), YouTube og Facebook (67 prosent).

YouTube har gått ned i popularitet dei siste åra. I 2020 brukte 77 prosent denne plattforma dagleg, og delen for 2021 er den lågaste sidan før 2015.

Netflix er den klart største strøymetenesta blant dei unge. På éi veke er 80 prosent av dei mellom 15–24 år innom Netflix, medan delen er 50 prosent blant dei som er 25 år eller eldre.

Deretter følgjer NRK TV-appen, Disney+ og TV 2 Play.

Ser mindre lineær-TV, men NRK toppar lista

Bruken av lineær-TV har falle blant ungdom. I 2021 såg 30 prosent lineær-TV dagleg, noko som er ned 6 prosentpoeng frå året før. I 2020 og 2021 såg 15-24-åringar 24 minutt lineær-TV dagleg. Talet på minutt har falle jamt og trutt sidan 2009, då denne aldersgruppa såg 129 minutt lineær-TV dagleg.

Når unge først ser på lineær-TV, er det NRK som gjeld. Dei tre mest sette programma blant unge i 2021 var alle frå statskanalen.

Finalen i fotball-EM for menn, då Italia møtte England, var på topp. Deretter følgde finalen i Eurovision Song Contest og på tredjeplass var Julemorgon.

Dei yngste les mindre

Éin av fire unge ser dagleg innhald frå influensarar. 61 prosent synest det er underhaldande, 25 prosent misunner livet til influensarar, 19 prosent blir inspirerte til å kjøpe produkt og tenester, og 14 prosent meiner influensarar påverkar vala dei tek i kvardagen.

15-19-åringane les betrakteleg mindre enn før. I 2021 las dei fem eller fleire gonger i veka, ned frå elleve gonger i både 2019 og 2020. 20-24-åringane les likevel oftare med 23 gonger i veka i 2021, mot 19 gonger i 2020 og 16 i 2019.


Skjermdump TikTok. Illustrasjon: Canva