Bastholm stadfestar at ho trekkjer seg som partileiar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bastholm opplyste om avgangen i ei fråsegn onsdag formiddag.

– Eg skulle gjerne komme med hyggjelegare nyheiter til alle støttespelarar, veljarar og medlemmer i Miljøpartiet Dei Grøne, men i dag tidleg gav eg landsstyret og sentralstyret vårt beskjed om eg ønskjer å trekkje meg som partileiar av personlege grunnar, skriv Bastholm.

– Denne veka er altså mi siste veke som partileiar for MDG. Som de sikkert forestår, har ikkje dette vore noko lett avgjerd for meg. Men å vere partileiar er eit verv som krev ekstraordinær innsats, tid og energi. Og eg har erkjent at eg har ikkje den ekstra tida og energien lenger. Eg er rett og slett for strokken.

Bastholm vart for berre tre månader sidan attvalt som partileiar utan motkandidatar, og skulle i utgangspunktet ha vervet fram til våren 2024.


Foto: privat/MDG, kollasj Framtida.no