Unge med innvandrarbakgrunn har lågare aksept for homofili

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Landa ungdommane, eller familiane, kjem frå er ein sentralt avgjerande faktor når det gjeld synet på homofili. Det har Fafo-forskar Erika Braanen Sterri sett nærare på i ei undersøking.

Påstanden ungdommane skulle ta stilling til i undersøkinga var: «Homoseksualitet er aldri akseptabelt». Ein firedel av norsk ungdom med foreldre frå Midtausten, Vest-Asia og Afrika, seier seg samd i påstanden. Ungdommane som vart spurde er i alderen 16–17 år, skriv Vårt Land.

– Unge med foreldre frå land utanfor Vest-Europa, har i gjennomsnitt mindre tolerante haldningar til homofili enn unge frå Vest-Europa, seier Braanen Sterri til avisa.

Den lågaste aksepten for homoseksualitet finn ein blant ungdom med foreldre frå Midtausten og Afrika, etterfølgd av unge med familiebakgrunn frå Balkan.

Landa der ungdom har lågast aksept for homofili er Pakistan, Tyrkia, Marokko, Irak og Iran.


Foto: Cecilie Johnsen via Unsplash
// Josh Cavallo: Skjermdump // Megan Rapinoe: Lorie Shaull, CC BY-SA 2.0 // Jake Daniels: Blackpool FC // Gus Kenworthy: AP Photo/Gero Breloer // Guro Reiten: Martin Solhaug Standal / NTB