Magnus Rotevatn
Publisert
Oppdatert 22.05.2023 14:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Romanen Den gylne stjerne av Lena Lindahl startar når den andre verdskrigen går mot slutten. Hovudpersonen heiter Harald og blir ikkje særleg godt likt av korkje klasse­kameratar og lærarar. Han har nemleg teke parti med okkupasjonsmakta.

Foreldra hans er medlemar i Nasjonal Samling og Harald sjølv er ivrig etter å få vera med på partimøte. Å ha vore aktiv i NS kan koma godt med når Tyskland vinn krigen, som Harald er overtydd om at dei snart kjem til å gjera.

Og det tek ikkje lang tid før bandet til NS opnar mogelegheiter for Harald. Han får vera med til ein arbeidsleir for russiske krigsfangar. Lidingane og nauda han får sjå der får han til å tvila. Kanskje tyskarane ikkje er dei heltane han har trudd? Snart skal han setja sitt eige liv i fare for å hjelpa fangane.

Ikkje dramatisk nok

Medan eg les glir tankane ofte til Steven Spielberg sin film Schindlers liste. Tematikken er temmeleg lik. I filmen møter med naziparti-medlemen Oskar Schindler. Han er opportunist og ynskjer Tyskland si invasjon av Polen meir enn velkomen, då han ser eit høve til å tena pengar. Men i likskap med Harald må også Oskar Schindler gje etter når han får auga opp for dei grufulle konsekvensane av krigen. Livet må bli sett i fare for å redda andre!

Den gylne stjerne toler ikkje samanlikninga med Schindlers liste særleg godt. Boka er rett og slett ikkje dramatisk nok. Forteljinga er for dvask og bleik. Forholda blant dei russiske krigsfangane blir ikkje skildra på ein slik måte at det evnar å gjera inntrykk. I Schindlers liste får me tid til å devla ved det forferdelege, i Den gylne stjerne skal me heile tida vidare til noko nytt.

Held ikkje ord

Og når forlaget lover action bør dei halda ord. Det gjer dei ikkje med Den gylne stjerne. Spenningskurva er treig og flat. Frampeika er for tydelege, noko som gjer handlinga føreseieleg.

Karakterskildringane er òg svake. Det er berre Harald som blir skikkeleg utbrodert. Men dessverre slit eg med å sjå føre meg han som eit ekte menneske. Han er ikkje heilstøypt, og det er vanskeleg å få grep om kven han er. Til dømes er han naiv og barnsleg – og kanskje også litt dum – i si tru på NS, men viser andre stadar i boka høg evne til refleksjon og kritisk tenking. Dette harmonerer ikkje!

Ein stad inni denne romanen finst det nok gull. Dessverre har ikkje det blitt grave fram denne gongen.


Fakta om boka

Tittel: Den gylne stjerne

Forfattar: Lena Lindahl

Forlag: Cappelen Damm

Utgitt: 2022

Sjanger: ungdomsroman