Skeive muslimar åtvarar mot islamofobi etter åtaket i Oslo
Organisasjonane Skeiv verden, Salam, Islamsk Råd Norge og MDG-politikar Rauand Ismail åtvarar alle mot rasisme og islamofobi etter masseskytinga i Oslo natt til laurdag.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det er så viktig at det ikkje er muslimhat og rasisme som blir responsen frå oss som samfunn.
Det seier Rauand Ismail til NRK.no. MDG-politikaren er sjølv homofil og muslim.
Skeive muslimar dobbelt diskriminert
Til NRK seier leiaren i Skeiv Verden, Bassel Hatoum, at mange skeive med minoritetsbakgrunn opplever å bli dobbelt diskriminert. Han fryktar at masseskytinga, som vart utført av draps- og terrorsikta Zaniar Matapour (42), vil føra til meir rasisme og homofobi i samfunnet.
– Det er allereie mykje islamofobi og rasisme som florerer i samfunnet vårt. Eg trur ikkje det vil bli mindre av det no, seier Bassel Hatoum vidare i eit intervju med Klassekampen.
I ei pressemelding åtvarar Islamsk Råd Norge mot å setja menneskegrupper opp mot kvarandre.
– IRN er klåre i fordømminga av åtaket. Samstundes ønskjer vi å oppmoda om varsemd i å krevja frå norske muslimar at dei skal ta avstand frå gjerningspersonens terrorhandling – eller homohat – berre på bakgrunn av at dei er muslimar, skriv dei i pressemeldinga.
Islamsk Råd skriv at det burde vera sjølvsagt at muslimar ikkje støttar slike handlingar.
Assosiasjonar til Orlando
Assisterande generalsekretær i den skeive organisasjonen Salam, Thee-Yezen Al-Obaide, trekker parallellar til åtaket i Orlando der afghansk-amerikanske Omar Mateen gjekk til åtak på ein utestad for homofile.
Også no opplever Al-Obaide at muslimar må gå i forsvarsposisjon, og viser til islamofobiske kommentarar i sosiale medium.
– Dei dreg alle under same kam, og det håpar eg at sluttar no. Fleire av oss kjenner at me blir dytta tilbake i skåpet, som både skeive og muslimar. Då kjenner me ekstra på kor viktig kampen er, seier han til NRK.no.
- Les også: «Regnbogen sit bakom fjella og gret»