Sju av ti reiselivsbedrifter har ledige sommarjobbar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Hotell, restaurantar, festivalar og opplevingsbedrifter over heile Noreg søkjer etter sommarvikarar,seier NHO Reiseliv-sjef Kristin Krohn Devold i ei pressemelding.

– Har du lyst på ein sommarjobb, eller kjenner du nokon unge som er på jakt etter jobb, vil eg tilrå å ta kontakt med ei reiselivsbedrift. Det er den perfekte jobben for dei som liker å jobbe med menneske, vere kreative, yte service og vere ein del av eit miljø med mange ulike nasjonalitetar, held ho fram.

I ei fersk medlemsundersøking frå NHO Reiseliv svarer sju av ti reiselivsbedrifter at dei framleis har ledige sommarjobbar. Dette gjeld alle bransjane i reiselivet, inkludert hotell, uteliv, restaurantar og opplevingsbedrifter.

Behovet er særleg stort på Vestlandet, der 87 prosent svarer at dei framleis har ledige jobbar. Like bak ligg Nordland med 82 prosent, medan i Agder svarer 81 prosent at dei framleis har ledige sommarjobbar.

Administrerande direktør i NHO Reiseliv, Kristin Krohn Devold. Foto: Per Sollermann, NHO Reiseliv

– Ein døropnar

Krohn Devold understrekar at reiselivsnæringa er den næringa som tilset flest unge, og at ein sommarjobb kan by på erfaringar ein kan få stor nytte av seinare.

– Bruk sommaren på å få ein smakebit på kva ein kan både lære og få vere med på i reiselivet. For veldig mange unge er ein jobb på eit hotell eller i ein restaurant ein døropnar til praksis, erfaring og kompetanse og eit springbrett til ein karriere for heile livet, seier ho.

Medlemsundersøkinga viser også at éin av fire reiselivsbedrifter har eit høgare bookingsnivå for sommaren i år samanlikna med før pandemien.

– Det kjem til å myldre av turistar i sommar, både norske og utanlandske. Dei som jobbar i reiselivet, kan gle seg til høgt tempo og mange spennande utfordringar. Korleis ta godt vare på gjestene, yte god service, eller handtere ein krevjande kunde krev kompetanse. Det er mykje kunnskap og mange ferdigheiter ein tek med seg vidare etter ein sommarsesong på eit hotell eller i ein hektisk restaurant, seier ho.

Dette har du krav på i lønn

Også Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund (YS) seier at ein sommarjobb kan gi viktig påfyll på CV-en, som kan vise at ein har prøvd seg i yrkeslivet medan ein går på skulen.

– Sommarjobben er også ein kjempefin måte å prøve ut ulike yrke på. Du får ein fot innanfor arbeidslivet og lærer deg nokre av dei viktige spelereglane. Kva har du krav på, men også kva plikter du har som arbeidstakar, seier forhandlingssjef Dag Bjørnar Jonsrud i YS.

Han minner om at ein bør ha ei timelønn på minimum 141,84 kroner dersom ein er over 18 år.

Det er også viktig å inngå ein skriftleg arbeidsavtale, uavhengig av kor lenge jobben varer.

– Det er nedfelt i arbeidsmiljølova. Nokre arbeidsgivarar trur dei ikkje treng å inngå arbeidsavtale ved kortare arbeidsforhold, eller deltidsarbeid. Det er feil og strir mot norsk lov, påpeikar Jonsrud.

Foto: 7760/ Colourbox, 6669/ Colourbox, Bensinstasjoner i Akershus 2016-2017 i MiA Museene via Akershus via Digitalmuseum lisens CC BY-SA, Leif Ørnelund/Wikimedia commons/CC BY-SA 3.0 NO, Finn Oluf Nyquist/ Helsedirektoratet, Gregor Hohenberg, FHI, Trond Isaksen/ LO, privat, kollasj: Framtida.no