Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 08.08.2022 08:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Som tenåring gjorde boka Å spise blomster til frokost av Synne Sun Løes sterk inntrykk på Ida Therese Klungland: 

– Det var den første boka eg las kor sjølve språket hadde ein så stor plass, og eg syntest det var veldig kult. Det synest eg for så vidt framleis! minnest ho og legg til:

– Trur den boka var fundamental for at eg i det heile teke skriv i dag.

Cybjørg

Ida Therese Klungland debuterte i fjor med si første bok Cybjørg, som ho òg har illustrert sjølv. I september i år kjem oppfølgjaren Cybjørg 2.0 Next Level.

Til Bok365 fortel Klungland at ho vart inspirert til å skrive første boka av at nokon sa feil av ordet cyborg, noko som gjorde at ho såg føre seg ei stakkars cyborg-jente i ei lita, norsk bygd.

«[Det] er imponerende hvordan hun klarar å inkorporere en av vår tids viktigste etiske utfordringer i en klassisk spenningsroman for barn i slukealderen,» skreiv Vårt Land-meldar Marianne Lystrup i meldinga av Cybjørg.

I tillegg til å vere forfattar, arbeider Klungland som ungdomsskulelærar samstundes som ho lagar musikk under namnet idatherese.

Framtida.no har kika i bokhylla til forfattaren: 

Naomi Alderman si bok The Power skal også verte omgjort til tv-serie.

Kva bok ligg på nattbordet ditt? 

– The Power av Naomi Alderman! Eg fekk låne den av ein kollega som meinte det minna om ein slags «Cybjørg for vaksne». Og eg ser kva ho meiner! 

Kva bøker les du helst?

– Eg les mest barne- og ungdomsbøker. Eg kallar det research, men saka er også at eg synest det er innmari mykje bra barne- og ungdomslitteratur! Likar både realisme og sci-fi/fantasy og alt imellom!

Kor les du? 

– I sofaen. Og viss eg tek tog, les eg på toget. Eg elskar å lese på toget. 

Kva bok/bøker vart lesen til deg som liten?

– Alt mogeleg! Hugsar Astrid Lindgren spesielt godt. Og pappa las Harry Potter-bøkene for meg og bror min, han syntest det var like spennande som oss. 

Kva bok og/eller forfattar meiner du er undervurdert?

– Synest generelt barne- og ungdomslitteratur ofte vert undervurdert i nokre litteratursamanhengar, kan eg svare det? 

Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive?

– Må nesten svare The Perks of Being a Wallflower av Stephen Chbosky.

Kva meiner du gjer ei bok god? 

– Språket må ha ein eigenart som passar til forma og historia. Generelt er eg meir oppteken av språket enn innhaldet når eg les! Men eg vil også gjerne ha engasjerande og originale karakterar. 

Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i? 

– Då eg var liten identifiserte eg meg med Pippi og Anne frå Bjørkely! Og eg enda også opp med å farge håret raudt til slutt. 

Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag? 

Det vert Tove Jansson eller Astrid Lindgren! Sidan dette er eit hyptetisk scenario, vel eg begge to!

Ida Therese Klungland ville invitert høvesvis Astrid Lindgren (t.v.) og Tove Jansson (t.h.) på middag. Foto: K.W. Gullers/Nordiska museet/CC BY NC ND 4.0 , Hans Gedda/Offentleg eigendom,

Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar? 

– Då må eg velje ein som har skrive mykje! Kanskje Diana Wynne Jones? Om ikkje anna kan eg berre lese Howl’s Moving Castle igjen og igjen, det er sikkert også fint. 

Om Cybjørg vart filmatisert – kven spelar hovudrolla?

– Vanskeleg å seie sidan eg ikkje kjenner så mange elleve år gamle skodespelarar, men eg ser for meg ein slags Bae Doona. Eg var veldig fan av ho i Sense8, ho får til ei perfekt blanding av bad ass og sjenert. Pluss at ho har rett sveis! 

Bae Doona i Sense8 Foto: Murray Close/Netflix


Forfattar Maren Skolem drøymde om å verte ven med Harry Potter-skodespelar Emma Watson. Foto: Karina Rønning/Studio Elisenberg og Warner Bros.