Mange dyr på båttur manglar redningsvest

Marte Husabø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Framtida Junior. Det kan du òg lesa om sledehunden Foxi og selar som tissar på seg sjølv

Det betyr at den andre halvparten ikkje brukar redningsvest til dyret sitt – og det er ikkje godt nok.

Hasse Lindmo, som er direktør for kommunikasjon i Redningsselskapet, meiner alle kjæledyr i båt bør ha på seg redningsvest.

– Sjølv om mange hundar er gode symjarar, kan dei få panikk dersom dei fell over bord, og dei kan raskt bli utmatta og nedkjølte. Det kan også vera vanskeleg å finna att og løfta ein hund som ligg i vatnet om bord i ein båt. Derfor anbefaler me å velja vestar med handtak på ryggen slik at hunden kan heisast om bord dersom den hamnar i sjøen, seier han til Båtmagasinet.

GIF: giphy.com

Øv på å ha på redningsvesten

Også hundeekspert i dyrebutikken Musti, som heiter Magda Nawrocka, åtvarar mot å ta lett på kor trygg båtturen er for våre firbeinte vener.

Ho trur mange ikkje brukar redningsvest på hunden, fordi det er plagsamt eller ubehageleg for dyret. Slik treng det ikkje å vera, då det blir laga redningsvestar i mange forskjellige storleikar. Det fører til at hunden både er sikker og kan røra på seg.

For dei som har hundar som ikkje likar å ha på seg redningsvest, har ho følgjande tips:

– Det å la hunden ha på vesten i forkant av båtturen, kan hjelpa han med å venja seg til han, seier ho i ei pressemelding.