Erlend Skjetne
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den første presidenten av Elfenbeinskysten Felix Houphouët-Boigny med kona Marie-Thérèse vitja den amerikanske presidenten John F. Kennedy og kona Jackie Kennedy i 1962. Foto: Presidential Library and Museum, Boston.

Den mest kjende leiaren i Elfenbeinskystens historie er utvilsamt Felix Houphouët-Boigny (1905–1993), populært kalla både «Papa Houphouët» og «Le Vieux» eller «Den gamle».

Han var eigentleg ein landsbyhøvding, som arbeidde både som lækjar, plantasjeadministrator og fagforeiningsleiar før han på 40-talet vart vald inn i parlamentet i Frankrike.

Ny hovudstad

Elfenbeinskysten var på denne tida ein av mange franske koloniar i Vest-Afrika, men det bles ein vind av fridomslengt over heile det afrikanske kontinentet. Houphouët-Boigny skulle koma til å spela ei nøkkelrolle i avkoloniseringa av Afrika, og då Elfenbeinskysten vart sjølvstendig i 1960, vart han den fyrste presidenten i landet. Han sat i leiarstolen heilt til han døydde.

Den klårt største byen i Elfenbeinskysten, og eit sentrum i heile Vest-Afrika, er kystbyen Abidjan. Men Houphouët-Boigny hadde røtene sine lengre inne i landet, i Yamoussoukro. I 1983 gjorde han denne byen til politisk og administrativ hovudstad. Fleire storstilte byggjeprosjekt kom no i gang, mellom anna Basilique Notre-Dame de la Paix – verdas største kyrkje!

Felix, Paven og Jesus

Namnet er eit ikkje utypisk kyrkjenamn i område der fransk bli nytta. Ein basilika er anten ei gresk-romersk offentleg bygning med høgt midtparti som skyt opp over sidepartia, eller ei kyrkje med tilsvarande form. «Notre-Dame» tyder «Vår frue», altså jomfru Maria. «Paix» er fred, så heile namnet blir noko slikt som «Vår frue av freden».

Byggjearbeidet gjekk føre seg mellom 1985 og 1989. Houphouët-Boigny ynskte å gje kyrkja i gåve til Vatikanet, og ho vart innvigd av Pave Johannes Paul II i 1990. Arkitektonisk er det veldige byggverket sterkt inspirert mellom anna av Peterskyrkja i Roma. Materialet er i all hovudsak italiensk marmor, og i tillegg finst mange glasmåleri laga av fransk glas.

Eitt av desse kunstverka syner fram «Papa Houphouët», ikkje langt unna Jesus som stig opp i himmelen.

Basilique Notre-Dame de la Paix i Yamoussoukro, Elfenbeinskysten er verdas største kyrkje. Foto: Felix Krohn, Wikimedia Commons

Megalomani?

Høyrest det heile litt råflott ut? Prosjektet vart unekteleg kritisert. Den eksakte prislappen er ikkje kjend, men truleg kosta kyrkja minst 300 millionar dollar å byggje, og det i ei tid då den ivorianske økonomien var i krise (merk adjektivet ivoriansk; landet heiter Côte d’Ivoire på fransk, og ein person frå Elfenbeinskysten er på norsk ein ivorianar).

Pave Johannes Paul II såg òg det problematiske ved oppføringa av ei så ekstravagant kyrkje i eit land der folk fleste levde sparsame liv, og han kravde at eit sjukehus skulle byggjast i nærleiken. Dette stod riktig nok ikkje ferdig før i 2014, då gamlepaven for lengst var daud og erstatta av både éin og to nye.

Presidenten sin visjon om at kyrkja skulle bli ein pilegrimsstad for afrikanske katolikkar, har vel heller ikkje slått heilt til. Ofte er det ganske glissent både i og rundt den enorme kyrkja. I dag er det polske pallottinarar, medlemer av eit romersk-katolsk misjonsfellesskap, som administrerer drifta av kyrkja.

Det beste alternativet?

Interessant nok har Félix Houphouët-Boigny, trass i kyrkjeprosjektet sitt, gått inn i historia med eit godt ettermæle. Mykje tyder på at han var innblanda i politiske kupp og anna lyssky verksemd i fleire afrikanske land, motivert av ein sterk antikommunisme, men heller ikkje dette har vippa han heilt ned frå pidestallen. Velviljen overfor «Le Vieux» kjem nok av at leiarskapet hans trass alt var betre enn det mange andre afrikanske land måtte slite med i same periode.

Han heldt Elfenbeinskysten sterkt knytt til Vesten og særleg Frankrike, i ein politikk kjend som «Françafrique». Dette i kombinasjon med god økonomisk planlegging og vidareutvikling av kaffi- og kakaoindustrien, gav opphav til det såkalla «ivorianske mirakelet»: Det gjekk, på 60- og 70-talet, mykje betre i Elfenbeinskysten enn i andre land i same område. Seinare førte fall i kaffi- og kakaoprisane til vanskar i landbruket, og politiske motrøyster vart sterkare.

Skjer i sjøen

Då Houphouët-Boigny døydde i 1993, synte det seg snart at huset – for å bruke eit bibelsk bilete – var bygt på sand. I ti års tid fylgde ymse politiske kupp, inflasjon og økonomisk tilbakegang. Ein borgarkrig rasa frå 2002 til 2007, og ein andre borgarkrig frå 2010 til 2011.

I dag er tilhøva i Elfenbeinskysten igjen litt rolegare, og det at landet framleis er verdas største eksportør av kakaobønner, har gjort at ivorianarane trass alt tener litt meir pengar enn folk generelt gjer i Vest-Afrika. Vi kan berre falde hendene og vone at «Vår frue av freden» vil gjera nye ivorianske mirakel i framtida.


Les også: «Forunderlege stader du sannsynlegvis aldri kjem til å vitje»: Eit lite stykke Mars

Foto frå McMurdo-stasjonen: Eli Duke/Flickr/CC BY-SA 2.0