Domstol i USA: Elefanten Happy er ikkje ein «person»

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dyrevernsgruppa Nonhuman Rights Project (NhRP) har forsøkt å få frigjort elefanten «Happy» frå Bronx Zoo i New York, til ein fristad (sanctuary) for elefantar.

NhRP slår fast at elefanten er sjølvstendig og har komplekse tankar og kjensler. Dei protesterer mot det dei kallar «fengslinga» av Happy i eit avlukke på 4 dekar.

Gruppa viser til eit prinsipp i den amerikanske grunnlova som slår fast at alle som vert fengsla har rett til å bli stilt for ein domstol – såkalla habeas corpus.

– Ikkje ein person

Saka vart behandla av New York Court of Appeals. NhRP tapte saka, men fekk støtte frå to av sju dommarar.

Overdommar Janet DiFiore slår fast at habeas corpus berre gjeld for menneske.

– Ingen er ueinige i at elefantar er intelligente vesen som fortener ordentleg omsorg og medkjensle, skriv DiFiore.

Men ho slår fast at det ville hatt ein enorm, destabiliserande effekt på det moderne samfunnet dersom ein gav elefanten rettar etter habeas corpus-prinsippet. Ho viser til at behandlinga av Happy samsvarar med kva som er lovleg i staten og landet.

Dyrehagen sjølv hevdar at elefanten vert teken godt hand om og respektert «som den storslegne skapinga ho er». Dyrehagen og støttespelarane deira åtvara om følgene det kunne ha for andre dyrehagedyr, så vel som kjæledyr, dersom NhRP vann fram.

– Ei fornærming mot eit sivilisert samfunn

To av dommarane var ueinige mot fleirtalet, og tok dissens. Dommar Jenny Rivera skreiv at Happy vert halden i eit unaturleg miljø som ikkje lèt henne leve livet sitt.

– Fangenskapet hennar er grunnleggande urettferdig og uhumant. Det er ei fornærming mot eit sivilisert samfunn. Kvar dag ho blir verande i fangenskap – som ein attraksjon for menneske – vert vi òg reduserte, skreiv ho.

Happy vart fødd i det frie i Asia tidleg på 1970-talet, og vart frakta til USA då ho var 1 år. Ho har vore hjå Bronx Zoo sidan 1977.


Illustrasjonsfoto: Diane Picchiottino/Unsplash