No kan du panta iskrempapiret
Hennig-Olsen Is innfører pant på iskrememballasje. No kan du få 40 øre per is om du kastar ispapiret i søpla.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Sjølv om det er søppelbøtter ved utsalsstadene, kjem likevel mykje emballasje frå iskrem på avvegar.
Difor testar Hennig-Olsen Is ei insentivordning der du enkelt kan panta ispapiret med mobilen.
– Kast søpla der ho høyrer heime, og få pengar tilbake, seier Paal Hennig-Olsen, administrerande direktør i Hennig-Olsen Is.
Pengar får du ved å lasta ned appen Bower og skanna strekkoden på småisemballasjen. Du må også stadfesta på appen når du skal kasta emballasjen, slik at appen – som har geokoding – ser at du er i nærleiken av ei søppelbøtte.
