Kjartan Lauritzen: – Snakk masse om dyr, alle elskar dyr

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 22.08.2022 14:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert på nettsidene til Stavernfestivalen, og er omsett til nynorsk med løyve.

– Kva er dine beste triks for å unngå klein smalltalk med framande?

– Eg er heilt elendig på smalltalk, blir klein insta. Då er det godt å ha ein Flipper 535 GT med Tohatsu 140hk (båt, 2-taktsmotor) som eg alltid kan lene meg på om samtalen skulle gå skeis.

Med ein gong folk byrjar smalltalk med meg: BAM! «Ja, eg har jo nyleg anskaffa meg ein ny båt. Flipper 535 GT. Japansk motor… Tohatsu… jepp. Er bra tempo på den, 140hk held i massevis til ein båt på den storleiken.. Kanon å ha ein så flott båt i Sognefjorden… Ja, blir både vannski, wakeboard og rumperistar… Er utruleg kjekt! Fekk båtlappen for 3 år sidan, var berre ein dag på kurs og prøve rett etter, hadde berre 3 feil…»

Altså, det er kanskje ikkje verdas beste triks, men det er jammen godt å ha ein Flipper 535 GT ved si side…

Kjartan Lauritzen på scena.  Foto: Christian Zervos

– Korleis kan ein starta ein samtale på ein litt gøyal måte?

– Om det ikkje er båt, båtmotor eller liknande, så synest jo eg ofte at det kan vere gøy å berre seie eller spørje om noko uforventa: «Bestemora mi vann på flaxlodd i går!» Eller; «Helvete, eg har så såre brystvorter i dag! Eller min favoritt i det siste; «Trur du to menneske som blir fødde aleine i skogen instinktivt vil forstå korleis dei har samleie?» Då vil samtalen automatisk få ein lattermild tone og han fortset så lenge motparten synest det er morosamt.

Synest ikkje motparten det er morosamt, så ristar du berre på hovudet medan du ser dumt på dei og så går du til neste person.

– Du står i kø på festival, dokø, barkø, matkø og så vidare, og vil gjerne bli kjent med dei framfor eller bak deg. Korleis gå fram?

– Då likar eg gjerne å bruke min kompliment-teknikk. Du treng ikkje nødvendigvis å meine det, og då gjerne sei noko litt uforventa. Ikkje sei til ei jente at ho er pen eller noko sånn, då prøver du deg berre. Men sei; «faen du har jævla bra skjegg» (denne helst berre til menn med skjegg). Eller «du er jævla snill!» (Min favoritt, funkar så lenge personen ikkje er overstadig berusa og trur at du gjer narr av dei).

– Du har sett nokon på festivalen, kanskje dei har teltplass litt bortanfor deg, kanskje du såg dei på konserten i går, og vil gjerne prate med dei. Kva er beste måte å kome i kontakt?

– Du finn fram to pils, ein til deg og ein til personen (eventuelt ein god brus; Fanta Exotic eller Urge om du ikkje drikk alkohol), så går du som at du liksom skal gå forbi personen men så stoppar du litt overraska når du er ved teltet og så seier du; «yo, var ikkje du på Kjartan Lauritzen-konserten i går? Eg synest eg såg deg!!! Fy faen for ein jævla bra/ræv konsert det var! Har du lyst på ein pils?» Og så gir du pilsen og BAM!!! Der er du i gang.

Kjartans råd til å bli kjent med nye folk på festival: – Gi mange kompliment og ver deg sjølv. Foto: flushminister/Instagram

– Praten byrjar å gå litt treigt og stoppar litt opp, kva bør du gjere?

– Denne situasjonen er veldig standard for meg. Då likar eg berre å spørje om noko som ikkje har noko med saka å gjere. Då kan det ofte vere lurt å begynne med; «eg las noko her om dagen» eller; «eg såg her om dagen»… sjølv om dette er løgn. For eksempel:

Fy faen, eg las i går at delfinar ser på seg sjølv medan dei har sex om dei har ein spegel framfor seg. Kor jævla grooooove dyr er ikkje delfinar? Dei er smarte og søte! I tillegg trur ekspertar at delfinar i likheit med menneske har sex for nytinga og gleda si skuld!

– Kva bør du absolutt ikkje gjere?

– Ikkje ver ein gris og trakk jævla varsamt om du skal snakke om eller spørje om ting som du veit kan vere provoserande for andre. Det er nokre tema ein berre ikkje snakkar om. Snakk masse om dyr, alle likar dyr.

Snakk om dyr, er den klare oppmodinga frå Kjartan Lauritzen. Foto: flushminister/instagram

– Beste tips og triks for å bli vener med framande?

– Ver deg sjølv og ha det gøy! Du har ikkje lyst å bli kjent med nokon om dei ikkje likar deg for den du er, så då kan du like gjerne prøve fleire gonger til du finn nokon som faktisk synest du er interessant og gøy å vere med når du er deg sjølv, det vil nok òg resultere i eit betre vennskap for dykk begge to.

– Nokre siste råd?

– Ver deg sjølv og kos deg som faen og le masse, det vil dei fleste vere med på 😀 <3


Kjartan Lauritzen har gått frå å vere ein tullekarakter til ein artist som deler scene med verdsstjerner. Pressefoto