Trykkjer nytt opplag av «Hjertestopper» – og påskundar utgivinga av bok to
Teikneserieromanen «Hjertestopper» slår an i norsk omsetjing. No må den første boka, «Gutt møter gutt», hastetrykkjast i eit tredje opplag for å møte leselysta, fortel forlaget.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
«Hjertestopper. Gutt møter gutt» av den britiske teikneserieskaparen Alice Oseman (27) ligg på bestseljarlista og trendar ifølgje pressemeldinga også på Tiktok.
– Det er sjeldan vi ser ungdomsbøker på bestseljarlistene, og det er herleg at det er ein teikneserieroman om eit så viktig tema.
Det seier Emilie Jarto, kategorisjef for barne- og ungdomslitteratur i Ark, medan redaktør Jannicke Storm Glomsrød i Gyldendal Norsk Forlag karakteriserer suksessen som «unik».
Påskundar bok to
– Det er sjeldan vi ser ei omsett ungdomsbok gå så godt som denne. Vi gler oss enormt til å gi ut resten av bøkene i «Hjertestopper»-serien og er såpass ivrige at vi no påskundar utgivinga av bok to til før sommarferien – for Charlie og Nick må bli med norske lesarar på stranda i år, seier redaktøren, som nemner datoen 16. juni.
Då siktar ho til dei to hovudpersonane, som også har funne vegen til TV-skjermen. Netflix har laga serien «Heartstopper» basert på bøkene til Oseman, og der blir gutane spelte av Kit Connor og Joe Locke.
Etter premieren 22. april vart serien strøymd i nær 24 millionar timar den første veka, og serien har også begeistra både meldarar og LHBT-miljøet.