Harvard opprettar milliardfond for å bøte på si eiga slaveri-historie

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Harvard University, eitt av dei mest prestisjetunge universiteta i verda, har laga ein rapport der ein går gjennom banda universitetet har til slaveriet.

No blar universitetet opp 100 millionar dollar, eller nesten éin milliard norske kroner, til eit «Legacy of Slavery Fund».

Det var Khrono som omtalte saka først.

– Arven etter slaveriet held fram med å påverke verda

Rapporten listar opp 70 namngitte slavar som vart haldne av leiarar og tilsette ved universitetet. Truleg er talet endå høgare.

I ei melding til studentane og andre tilknytte Harvard-miljøet, skriv universitetspresident Lawrence S. Bacow at funna i rapporten kan vere forstyrrande og sjokkerande.

Han meiner at ein ikkje kan bryte ned det ein ikkje forstår, og ein kan ikkje forstå urettferd i notida utan å ta eit ærleg oppgjer med historia.

Bacow slår fast at Harvard, donorar og institusjonen har berika seg på slaveriet. Vidare skriv han at arven etter slaveriet held fram med å påverke verda i form av ulikskapar i utdanning, helse, rikdom, inntekt, sosial mobilitet og nesten alle andre målestokkar vi brukar for å måle likskap.

Rapporten legg fram fleire forslag til tiltak for oppreising. Det nemnde fondet er eitt av dei. Andre tiltak er mellom anna:

  • heidre slavar gjennom memoralisering, forsking, læreplanar og kunnskapsformidling,
  • utvikle partnerskap med tradisjonelt svarte lærestader og universitet,
  • identifisere, heidre og støtte etterfølgarar av slavar med tilknyting til Harvard,
  • engasjere, heidre og støtte samfunn av urfolk i New England-regionen.

– Ein drope i havet

Amerikanske Jeffrey Allan Lugowe, seniorrådgivar ved OsloMet, med ein mastergrad frå nettopp Harvard, seier til Khrono at han håpar fleire andre universitet vil kjenne seg pressa til å følge etter Harvard, og andre som har teke grep tidlegare.

Samstundes er han ikkje vidare imponert over pengesummen i fondet.

– Dette er berre ein drope i havet for Harvard. Dette kostar dei ikkje noko, så eg blir ikkje veldig imponert, seier han til Khrono.

Han meiner også at fleire på høgresida i USA ikkje tek problemet alvorleg nok, og at dei oppfattar eliteuniversiteta som venstrevridde.


Foto: privat, Benjamin A. Ward/OsloMet, Bente Kjøllesdal/Framtida.no kollasj Framtida.no