I tilfelle brann er Frida Andersen (1994) sin andre roman. Som debuten er nylanseringa prega av å skildre eit ungt og sårbart kvinnesinn. Diverre var lesaropplevinga inga stor suksess.

Jannicke Totland
Publisert
Oppdatert 22.05.2023 14:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tittelen I tilfelle brann fortel at ein må ruste seg i tilfelle kriser. Ordlyden er direkte oversett frå fareskiltet «In case of fire».

Eg-personen i romanen er i ein overgangsfase, og har nett starta i ny jobb i eit kommunikasjonsbyrå. Ho strever med å setje grenser og ha omsorg for seg sjølv. Det er tydeleg at ho slit psykisk, noko som blant anna kjem til uttrykk i strevsame samtalar med den kritiske sambuaren Selma.

Selma, er både den beste og den verste personen hovudpersonen veit. Ho kan nesten ikkje gå nokon stad utan ho, som pressar seg på besøk hjå både psykologen, på stemnemøte og på butikken. Selma er snill nok til at ho blir hjå ho, og slem nok til å øydelegge.

Hjå foreldra et ho rundstykke og svarer at alt går fint. På kontoret er ho blitt forelska i han som luktar sjokolade. I november er det lønningspils dobbelt så mange gongar som det burde vera. Og det hjelper ikkje at ho er sett til å lage ein kampanje om chai. Ho gruar seg til teambuilding, og til å late som om at ho røyker når ho ikkje gjer det.

Aller helst vil ho berre vera heime åleine, med fiktive fuglar skrapar opp innsida av magen og gjer ho hjelpelaus.

Basert på eigne kjensler

I eit intervju med lokalavisa Østlandets Blad seier forfattaren at tida etter at ho debuterte som forfattar for halvanna år sidan har drukna i ein tung periode og pandemiliv.

Utanom å vera forfattar arbeider Andersen som driftsassistent og barsjef på utestaden Blå, og fortel at ho sidan pandemien har vore permittert tre-fire gongar. I intervjuet skildrar ho pandemitida som «å være sperret inne på et rom med en du ikke liker». Noko som gjer at i lys av intervjuet er det klart at inspirasjonen er henta frå eige liv og eigne kjensler.

Dette utdjupar ho blant anna ved å tydeleggjere at målet med boka var å skildre kor fysisk vondt det er å vera psykisk sjuk. Her blir det og poengtert at kjenslene som blir skildra i boka er hennar eigne, sjølv om boka ikkje er ein biografi.

Som lesar, synes eg at det er viktig å snakke om kjensler. Men eg er usikker på kva nytte ein som lesar har av å grave seg ned saman med dei.

Sår, men skuffande

Oppbygninga vekslar mellom notid, fortid og framtid, noko som gjer romanen vanskeleg å følgje. Slutten verkar noko uferdig, men er som resten av boka sprekkfull av språklege bilete.

Sjølv om det er synd på både hovudpersonen i boka og erfaringane forfattaren skildrar, synes eg at romanen skuffa. Og han gjorde at ein sat att med ei ekkel kjensle i kroppen, tilnærma dei som hovudpersonen sjølv kjenner på, angst som ho samanliknar med fuglehjarter som slår: «nesten tusen slag i minuttet». Det gjer at boka absolutt innfrir det som var skildra som forfattaren sitt mål.

I alt passar romanen for unge vaksne og oppover som vil drukne i eit hav av melankoli. Noko som kan vera fordelaktig for andre som har det vanskeleg og treng ei historie å identifisere seg med.


Molly Øxnevad er aktuell med boka Feminin gange. Foto: Theodor Sørhus/Johan Grimstvedt. Omslag: Forlaget Oktober. Kollasj: Framtida.no

Fakta

Tittel: I tilfelle brann

Forfattar: Frida Andersen

Utgitt: 2022

Sjanger: Roman

Forlag: Cappelen Damm

Sider: 157