Utbrentheit, eteforstyrringar, skadar og doping – no vil dei heve aldersgrensa for kunstløp i OL

Kunstløpmiljøet må legge til rette for lange karrierer, meiner det norske skøyteforbundet.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

The International Skating Union (ISU) har lagt fram eit forslag om å heve aldersgrensa for internasjonale konkurransar i kunstløp, før OL i Italia i 2026.

Helsekommisjonen til ISU er bekymra over at unge tenåringar vert utbrente, får eteforstyrringar og langsiktige konsekvensar etter skadar.

– ISU har ei omsorgsplikt til å beskytte den fysiske og psykiske helsa og tryggleiken til alle utøvarar, inkludert unge eliteutøvarar, skriv helseekspertane.

Mange gir seg tidleg

Norges Skøyteforbund (NSF) har tidlegare spelt inn eit forslag om å heve aldersgrensa. Forbundet peikte på at kvinnelege kunstløparar la skøytene på hylla i ein tidleg alder.

Mellom 1994 og 2018 var fem gullvinnarar mellom 15 og 17 år. Kvar og ein av dei hadde slutta å konkurrere innan to år seinare.

– Sporten vår bør skape reglar og eit konkurransemiljø som legg til rette for ei langvarig karriere, skreiv NSF.

Ung gullfavoritt

Forslaget skal røystast over når den internasjonale skøyteforbundet møtest i byrjinga av juni. ISU vil fase inn forslaget, ved å først heve grensa til 16 år for 2023/24-sesongen. Deretter vil dei heve grensa til 17 år sesongen etter.

Årets vinter-OL vart prega av ein dopingskandale rundt 15 år gamle, russiske Kamila Valieva. Etterforskinga er enno ikkje avslutta.

Valieva var gullfavoritt, men enda på ein skuffande fjerdeplass etter fleire fall på banen. TV-kameraa fanga opp at ho fekk kjeft av trenaren sin, Eteri Tutberidze, då ho kom av banen.

Tutberidze er kjend for å vere streng. Utøvarane hennar har dominert sporten i åtte år, men mange av dei legg opp allereie som tenåringar, skriv NBC.


Sonja Henie var i 1953 i Oslo med sitt store isshow. Det var første gong etter krigen ho opptredde for eit norsk publikum. Her i aksjon under opningsshowet på Jordal Amfi. Showet hadde 33 framsyningar, alle med fulle hus. Foto: Høel / NTB scanpix / NPK