Astrid (18) vonar fleire jenter vil bli jegerar: – Eg merkar mykje skepsis i samfunnet

Ho trur gamaldagse haldningar om at jakt ikkje er for kvinner heng att i samfunnet.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det var veldig artig! seier Astrid Solhjell på telefon til Framtida.no.

Ho stakk av med andreplassen i skrivekonkurransen om fritid med teksta si om jenter som jaktar. Solhjell skriv at ho som ung kvinne opplever å bli mindre akseptert som jeger enn menn.

Juryen meiner innlegget hennar er originalt og engasjerande, med ein overraskande og viktig tematikk.

«Søte jenter som liker å drepe dyr»

Tittelen på premiebidraget, «Søte jenter som liker å drepe dyr», vekte merksemd.

Solhjell fortel at sitatet er frå ein kommentar som kom under ei sak ho hadde stilt opp i om jakt i media.

– Det var jo litt tankevekkjande. Det fekk meg til å undre på om ein gut hadde blitt kalla søt, fortel ho, og utdjupar:

– Ein gut hadde kanskje vore ein barsk jeger. Det fekk meg til å tenke at eg blir gjort veldig uskuldig.

Skjermdump Facebook

Gamaldagse haldningar

18-åringen frå Eresfjord i Møre og Romsdal opplever nemleg at det er ei forskjellsbehandling av kvinnelege og mannlege jegerar.

– Eg trur det er haldningar vi har frå gamalt av. Då var det vanleg at menn var ute og jakta og fiska, medan damene var heime og passa barn og hus. Kvinner skal vere omsorgsmenneske.

Astrid Solhjell fortel at jaktinteressa hennar blir møtt med ulike reaksjonar. I tillegg til kommentaren om søte jenter som drep dyr, har ho fått spørsmål om ho ikkje får dårleg samvit av å jakte eller om ho likar å drepe dyr.

– Eg tvilar ikkje på at mannlege jegerar får dei same spørsmåla, men kanskje ikkje i same grad eller akkurat likt som jenter og kvinner.

Vil opplyse

Spørsmåla Astrid har fått har kome frå alt frå klassekameratar til besteforeldra hennar. Og ikkje berre frå veganarar og vegetarianarar, men òg frå folk som et kjøt.

– Eg skjønnar jo at dei lurar, og då svarar eg at det sjølvsagt ikkje er noko hyggeleg å kome bort til det fine dyret som er daudt. Men vi menneske har skapt ein ubalanse i naturen med inngrepa våre, og det er vårt ansvar å regulere det.

Astrid Solhjell på jakt. Ho meiner det er naudsynt med jakt for å regulere bestandar. Foto: Privat

– Kva gjer det med deg å få silke kommentarar? Har du vurdert å slutte?

– Nei, eg vil heller prøve å opplyse dei enn slutte, konstaterer ho.

Ho minnest at ei klassevenninne syntest det var ekkelt at ho hadde tatt ein mår i felle.

– Då sa eg til ho at «du har jo ekte pels på jakka». Så eg er oppteken av å opplyse og vise at det eg driv med er forsvarleg.

Få kvinnelege jegerar

Solhjell har inntrykk av at det er mange som ikkje veit kvar maten dei et kjem frå. Det er ein av grunnane til at ho ville løfte temaet jakt.

– Eg er ein engasjert jeger som føler at det er veldig få jenter som jaktar, og eg merkar mykje skepsis i samfunnet til kjøt og jakt og det å ta livet av dyr. 

Sjølv om det er blitt ei dobling i talet på kvinnelege jegerar dei siste 20 åra, utgjer kvinnene berre 15,5 prosent av dei registrerte jegerane i landet. 

Astrid synest det er dumt at det er få jenter som driv med jakt. Sjølv kjenner ho berre to andre jenter på sin alder som jaktar.

– Så det er ikkje noko miljø. Den beste jaktkompisen min er pappaen min, ler ho. 

Og det var faren som introduserte Astrid for jakt. Ho har vore med på jakt frå ho var 16 år, og heilt sidan ho var lita har ho vore med i skogen og sete på post.

– Året eg fylte 17 søkte eg på reinskort – og eg fekk skote min første rein på min første jaktdag, fortel ho.

Astrid Solhjell understrekar at ho er veldig glad i dyr, sjølv om ho driv med jakt. Foto: Privat

Meir synlegheit

Astrid Solhjell trur det første steget for at kvinnelege jegerar skal få meir respekt, er å bli meir synlege.

– Eg synest Norges Jeger- og Fiskerforbund er veldig flinke til å få fram påverkarar og kvinnelege representantar.

Eit av hennar kvinnelege jaktførebilete er Maja Odden, som ho følgjer på Instagram. Påverkaren publiserer jakt- og friluftsrelatert innhald, og har heile nesten 100 000 følgjarar på plattforma.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av ?Maja Odden? (@maja_odden)

Vidare trur jegeren frå Romsdal at det er viktig at ungdom blir introduserte for jakt på andre måtar enn berre gjennom familien. Ho brenn for at unge må bli introduserte for friluftsliv tidlegare.

– Ser du for deg at jakt er noko du skal halde fram med?

– Ja! kjem det kontant.

– Eg har investert i skikkeleg utstyr som kan vare resten av livet. Det er ein fin måte å skaffe mat og du får vere ute i naturen.


Michelle Egelund (15) gler seg stort til si første jaktoppleving no i haust. Ho fortel at det var skyteinteressa som påverka lysta til å bli jeger. Foto: Privat