Lord-tittel, renovering og kosmetisk kirurgi – dette var i årets Oscar-goodie bags

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei som er nominerte i dei gjevaste kategoriane får også med seg ein goodie bag med spinnville gåver.

Ifølgje amerikanske CNBC har årets gåvepakke ein verdi på rett over 137.000 dollar, nesten 1,2 millionar norske kroner.

Til saman inneheld pakken over 50 gåver, og dei nominerte får mellom anna olivenolje med gullflak, hudprodukt, kjeks, te, popkorn, leiker til barn, alkohol og bøker.

Her er nokre av dei mest minneverdige gåvene: 

Slott i Skottland

Den dyraste gåva var tre netter på Turin Castle i Skottland, der gjestene som godtek tilbodet får full tilgang til slottet som vart bygd i 1659. Dei får eigen butler-service og vert ynskte velkomne av ein liten sekkepipe-konsert. Prislappen? 50 000 dollar.

Lord eller Lady-tittel

Dei Oscar-nominerte får tittelen Lord eller Lady of Glencoe, og eit lite landstykke i Skottland.

Kostmetisk kirurgi

Hollywood-stjernene får tilbod om fettsugingsprosedyren Celebrity Arms til verdi av 12.000 dollar, utført av den kosmetiske kirurgen Dr. Thomas Su.

Som om ikkje det var nok, så får dei òg ulike behandlingar og prosedyrer som skal gjere at dei ser yngre ut frå Dr. Konstantin Vasyukevich. Gåva har ein verdi på opp til 10.000 dollar.

Oppussing

Det Los Angeles-baserte firmaet Maison Constructions tilbyr Oscar-stjernene oppussing til 25.000 dollar.

Luksusresort

Det er kanskje travelt med Oscar-utdeling, men då kan Hollywood-profilane også nyte godt av fire netter for to personar hjå luksusresorten Golden Door i California, til ein verdi av 15.000 dollar.

Lifecoah

Dei Oscar-nominerte kan òg glede seg over at dei også får ein coaching-time med velvære-ekspert Kayote Joseph, verd 1.200 dollar.