Adina (28) blei tatt av skred: – Tre fingrar inne i venstre vott var alt ho klarte å røra på

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 03.04.2023 12:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I 2017 vart den unge kvinna Adina Lange (den gong 23 år) redda av bygdefolk som trassa uvêr og statistikk etter eit snøskred ved Haugastøl.

No blir maskineriet av redningsmannskap heidra i ei ny bok.

Levde etter 4 timar under snø

Forfattar Bjørn A. Nord signerer bøker på boklansering mars 2022. Foto: Samlaget

Medan dei fleste skredoffer døyr dersom det går meir enn ein halvtime før dei blir funne, levde den tyske kvinna mirakuløst etter over fire timar under halvannan meter snø.

Journalist og forfattar Bjørn Asle Nord hadde alt publisert ei digital langforteljing som vann prisar og vart spreidd til lesarar i over 150 land.

Men han ville tettare på, og visa kor livsendrande slike hendingar er, også for dei frivillige. Det måtte bli bok.

I «Skredet» teiknar han også nære portrett av Adina, far hennar og den tyske familien, men dei frivillige redningsfolka og samhaldet deira dannar grunnmuren i forteljinga.

«Ho skrik ein andre gong»

Mannskapa frå Geilo Røde Kors la åleine ned over hundre timar arbeidsinnsats i samband med redningsaksjonen. Både skredoffer og elles tagale og sindige hjelpemannskap blir skildra og sitert så det riv i hjarterøtene.

Lesaren blir også tatt med inn i tankane og kjenslene deira, midt under dramaet og etterpå.


«Ho prøver å kome seg laus, igjen, kjempar alt ho maktar. Tre fingrar inne i venstre votten er det einaste ho klarer å bevege på.

Ho skrik ein andre gong:

«Hallo!»

«Hjelp!»

Ho spyttar for å finne ut om ho ligg opp eller ned.

Panikken festar seg som ei klo.

Adina er sikker.

Ho er sikker på at ho skal døy.»


– Skildringane av tankane til personane er baserte på kva personane har fortalt til meg og andre, både rett etter skredet og seinare. Noko er også nedfelt skriftleg i notat, dagbøker eller rapportar, seier forfattaren, som har følgd Adina sidan han to månader etter skredet i 2017 møtte henne og faren første gong i Leipzig.

Haugastøl, 2017 Ras Haugastøl. Adina Lange lå timer under snøen på Haugastøl. Redningsaksjon, snøskred Uwe Lange og datteren Adina Lange. Foto: privat

Ei påkjenning få ville overlevd

Adina, skredofferet som låg fastklemd under snøen utan å kunna ropa meir om hjelp, arbeider i dag som taleterapeut med å gje andre menneske ei røyst.

Forfattaren følgjer henne også i det nye livet etter mirakelredninga på Haugastøl.

– Dette vart bok nettopp fordi eg ville ha rom for å visa meir av kompleksiteten i menneska, korleis ei krise endra livet og medfører både vekst og meir nærleik mellom dei involverte, seier Bjørn Asle Nord.

Han identifiserer seg med det han kallar «outsideren», og som journalist likar han å løfta fram slike.

– Altså dei med utfordrande utgangspunkt. Adina var den vevre, introverte og fysisk ganske svake jenta som tolte ei påkjenning få ville overlevd.

– Men også hundeføraren som fann Adina har hatt sine utfordringar, heilt sidan han som barn ikkje var noko skulelys. Boka vil vise kor mykje mot og godvilje som faktisk finst i verda, at alt ikkje er mørkt, seier han.

Skuldkjensle og anger

Mykje fokus er også på Adina sin far Uwe, som fekk smaka på svært mange sterke kjensler under og etter dramaet i den norske fjellheimen. Han fortel også om skuldkjensle og anger, men er framleis aktiv og oppsøkjer det som kan kallast risikosport.

– Korleis var det å stille kritiske spørsmål kring dette?

– Eg brukte lang tid, og kom nær. Det vart naturleg å prata om desse tinga, han veit sjølvsagt godt at det finst dei som er kritiske og forbanna på slike som bevegar seg heilt på kanten.

– No var denne aktuelle turen ikkje ekstrem, dei gjekk i same ruta som det populære Skarverennet, men Uwe har vore i andre dramatiske situasjonar. Eg tykkjer han svarar godt for seg, seier Nord.


«Vel», seier Uwe, «om ein røykjar hadde sete ved bordet her, så hadde eg bede han gå ut, som den anti- røykjaren eg er, men ute i det fri hadde eg late han gjere det han vil.»

Å leve er å ta val og risiko i seg sjølv, meiner Uwe, ein linedans kvar dag. Han vil ikkje vere den som formanar og fordømer eller trekkjer grenser for kva som er å ta for mykje risiko.

«Vel du å berre sitje i ro og ikkje gå tur i det heile, lesser du digre kjøtstykke på matfatet fleire gonger i veka, ja, då tek du òg risiko», seier han og legg til at ingen vil finne på å nekte deg hjelp om du då blir sjuk.

Eg ser framleis på vala eg gjorde, som feil. Å leggje att skredsøkjaren. Eg undervurderte faren. Eg er ansvarleg for det som hende den dagen.


Far og dotter Andina og Owe Lange møter heltane, hundeførar Pål Bakken og hunden hans. Foto: Samlaget

Politiet hadde sletta lydloggen

Forfattaren vedgår at han har vore litt redd for om bokprosjektet skulle sjå dagslys, men ikkje fordi han sjølv hadde grave seg for langt ned i det omfattande materialet.

– Det var eit langt løp med mykje motstand. Pandemien skapte problem med å møta kjeldene, politiet hadde sletta lydloggen ved ein feil, og arbeidet tok meir tid enn eg trudde, seier Nord.

Han kan summera hovudbodskapen i boka, arbeidet med boka og sin eigen livsfilosofi med dei same orda:

– Gje aldri opp. Det er det alt handlar om.

– Skilnaden mellom liv og død

Jim O. Hansen FOTO: Kurt Jarnes, NRH

Jim Olav Hansen, leiar for Norske Redningshunder, vart frakta inn med helikopter frå Ås, sør for Oslo, og deltok i aksjonen ved Haugastøl.

Ekstremvêr og vanskeleg logistikk gjer aksjonen til eit døme på korleis detaljar blir livsavgjerande når marginane er så små – og statistikken så dyster.

– Dei frivillige som står klare til innsats i kvar krik og krok av landet er ein enorm verdi for Noreg. Arbeidet er ofte skilnaden mellom liv og død, men blir for lite verdsett, seier han.

Så mykje kunne gått gale, også etter at redningsfolka kunne konstatera at kvinna mot alle odds vart funnen i live. Hansen har fleire konkrete døme.

– Lokalkunnskap var også avgjerande i denne aksjonen, og er alltid særleg viktig når redningstilhøva er vanskelege.

– Små detaljar skal klaffe, som at ein fekk tak i folk som rykte ut og fekk låst opp ei gammal arbeidarhytte like ved rasstaden. Dei fyrte opp denne slik at Adina umiddelbart etter funnet kunne behandlast og varmast, fortel Hansen.

Frivillige og profesjonelle i samarbeid

Han meiner aksjonen er eit godt døme på korleis frivillige og profesjonelle samarbeider og har god kommunikasjon.

– Brannfolka med spesialkunnskap om å redda folk frå bilvrak visste kor ekstremt lite ein kropp som har vore nedkjølt toler, og kor uhyre varsame dei må vera for å unngå hjartestans under transport.

Ein lokal skuterførar hadde akkurat den spesialkompetansen som måtte til for ein så sårbar sledefart midt i uveret. Røde Kors hadde oversikta og leia søket. Mannskap på arbeidstoget klarte å frakte inn både legar og utstyr til å leggja offeret i kunstig koma.

– Samvirkeprinsippet er ofte skiljet mellom liv og død, og her ser vi korleis heile kjeda fungerte, seier Hansen.

Dei første redningsfolka og turfølgjet søkjer desperat etter Adina.
Foto: Reidar Brusletto

Frivillige: – Kjeft og trekk i lønn

Han meiner boka om skredet ved Haugastøl er god lesnad for frivillige, men også for deira nærmaste og arbeidsgjevarar.

– Eg gler meg til å gje boka til sambuaren min og andre kjenningar. Det er viktig at familien har forståing og aksept for kor mykje me må trena, at me står gratis på vakt, at utstyret alltid ligg pakka og tek plass i bilen.

– Men diverre er det mange frivillige som møter mindre forståing hjå arbeidsgjevaren sin, seier Hansen.

Medan nokre arbeidsgjevarar ikkje trekkjer av løna når ein tilsett må rykka ut med til dømes redningshund, mistar andre inntekt.

– Dei fleste må framleis bruka av ferien sin, særleg til til kurs og eksamenar, seier Hansen. Han ser ein skilnad mellom by og bygd.

– I små samfunn er bedrifter og arbeidsgjevarar meir rause. Men i byar kan ein frivillig bli møtt med at «du får ikkje dra, det må då vera andre som kan ta jobben». Dreg ein då, kan resultatet bli kjeft og trekk i løn – sjølv om ein bidreg til å redda liv.

500 i året: sjeldan store overskrifter

Medan enkelte aksjonar blir både medieoppslag og bok, skjer dei fleste arbeidstimane for Hansen og andre frivillige i det stille.

Ofte er det saker med teieplikt også, slik at ikkje ein gong familie og arbeidsgjevar vil få informasjon om kva oppdraget var, kor viktig det var eller korleis det gjekk.

– Ved store katastrofar som jordskredet i Gjerdrum får den frivillige innsatsen store overskrifter, men Norske Redningshunder rykkjer ut på 500 aksjonar i året. Ofte er desse lite eigna i media, om lag halvparten av søka er etter demente og folk i sjølvmordsfare, seier Hansen.

– Vi veit at Statens personalhandbok opnar for fri med løn til folk som gjer slik samfunnsinnsats. No er det på tide at dei frivillige får betre og meir like vilkår, seier Jim Olav Hansen.