Bokmeldar Jannicke Totland meinar boka skriv seg inn i litteraturen om at det er viktig å snakke godt saman, utan å gå konkret nok inn på korleis ein faktisk skal gjere det.

Jannicke Totland
Publisert
Oppdatert 22.05.2023 14:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Filosofen Øyvind Kvalnes er professor ved Handelshøyskolen BI. Han underviser og forskar i etikk, leiing og vilkåra for godt samarbeid. I mange år har han jobba tett med norske organisasjonar med å konkretisere dei etiske utfordringane deira. I tillegg til det har han gitt ut ei rekkje fagbøker.

No er han ute med boka Filosofisk førstehjelp med mål om å gjere menneske betre rusta til å samarbeide om utfordringar me skal løyse i fellesskap.

Betre kommunikasjon

Den offentlige debatten er til tider polarisert og algoritmar styrer oss inn i ekkokammer. Det gjer at har fått mindre erfaring med å kommunisere med andre. På same tid står me overfor store utfordringar som me skal løyse saman. Både i dagleglivet, nasjonalt og på verdsbasis.

Sjølv peiker Kvalnes på at boka er inspirert av nokre møter med folk han er ueinig med. I tillegg til å vera skriven på bakgrunn at: «Jeg fornemmer at vi lever i en tid med et ekstra stort behov for filosofisk refleksjon, en avspent, vennlig og saklig undersøkelse av tingenes tilstand». 

Praktiske kommunikasjonsstrategiar

I boka skil han mellom fem strategiar for å handtere situasjonar der me står ansikt til ansikt med nokon ein er ueinig med: Misjonere, konversere, kverulere, kansellere og filosofere.

I møte med andre menneske har ein eit val i korleis ein vil kommunisere og respondere på andre sine ytringar. Og i kommunikasjonssituasjonar kan alle strategiane vera aktuelle.

I det store og det heile oppmodar han til å vera nysgjerrig på andre. Det utgjer det forfattaren kallar for å filosofere, som inneber å utforske saken saman, lytte aktivt til den andre, prøve å finne årsakene til at vi er ueinige og vera førebudd til å revurdere eigne oppfatningar.

Dessutan treng folk som skal delta i ein konstruktiv samtale å vera: «…aktivt lyttende, vennlige, saklige, modige og uegoistiske». I følgje Kvalnes utgjer dette fem samtaledydar, eigenskapar som er naudsynte for å oppnå kontakt og samarbeid på tvers av politiske, kulturelle og sosiale skiljelinjer.

Mykje prat og lite handling

Sjølv om boka rører ved eit interessant og relevant tema synes eg ho blir keisam. Det er då eg er lei av å lese litteratur om at det er viktig å snakke godt saman. Utan å gå konkret nok inn på korleis ein faktisk skal gjere det.

Dessutan går boka inn i ei rekkje med litteratur som gjer det ironisk at ein i samfunnet snakkar meir om å løyse problem enn å arbeide med å fikse dei.

Sjølv om det er inga tvil om at Kvalnes har ei brei og god kompetanse saknar eg ei meir fagleg forankring i det han skriv. I staden for å bruke uinteressante analogiar frå sin eigen kvardag kunne eg heller tenkt meg å få vist til historiske døme og fått servert meir kommunikasjonsteori.

Likevel er boka ein inspirerande inngang til å lære meir om temaet. Det gjer at boka passar for unge vaksne og oppover som ynskjer å bli inspirert til å bli betre på kommunikasjonsfeltet. 


Alexander Harald Sandtorv. Foto: Bente Kjøllesdal

Om Filosofisk førstehjelp

Forfattar: Øyvind Kvalnes

Utgitt: 2022

Sjanger: Samfunn og debatt

Forlag: Cappelen Damm

Sider: 215