Erna Solberg endrar namn til «Arne» på LinkedIn

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei siste vekene har fleire kvinner i næringslivet skifta namn til «Arne» på LinkedIn – eit sosialt medium for næringslivet.

Den såkalla Arne-kampanjen vart mellom anna inspirert av NRK-serien «Lykkeland», skriv E24.

Skifta namn og fekk jobb

– Eg såg ein episode der hovudpersonen Anna ikkje får jobb, trass i økonomiutdanning og toppkarakterar. Når ho skiftar namnet på CV-en til Arne, får ho plutseleg jobb med ein gong, seier Anita Krohn Traaseth.

Ho er mangeårig næringslivsleiar og forfattar. Sjølv om serien er lagt til 1970-talet, og likestillinga i norsk næringsliv har komme lenger sidan det, meiner Traaseth det går altfor tregt.

Næringslivsleiar Anita Krohn Traaseth starta Arne-kampanjen etter at ho såg NRK-serien Lykkeland, med Anna Hellevik som ikkje fekk jobb før ho «endra» namn til Arne. Traaseth talte under hundreårsjubileet til Elektroforeningen i Oslo Plaza i 2018. Arkivfoto: Berit Roald / NTB / NPK

Arne Erna Solberg

Også tidlegare statsminister og Høgre-leiar Erna Solberg har meldt seg på kampanjen. No heiter ho Arne Erna Solberg på LinkedIn, skriv Dagsavisen.

«I fremtiden håper jeg at det blir plass til flere kvinner uten at man må bytte navn til Arne, og at vi både i rekruttering til toppstillinger og andre stillinger blir flinkere til å se forbi kjønn, etnisitet og egne stereotypier», skriv ho i eit innlegg på LinkedIn.

Skjermdump frå LinkedIn.

Fleire Arne enn kvinner

Ideen til Arne-kampanjen er inspirert av ein kampanje frå Nederland, der mange kvinner på LinkedIn har lagt til namnet «Peter».

I Noreg ser det ut til å vere Arne som er det største toppleiarnamnet.

På lista over Noregs hundre best betalte leiarar i 2018, var det ifølgje nettstaden Equality Check fleire som heitte Arne enn det var kvinner, skriv E24.