Russisk 16-åring dømd for «Minecraft-terror»
Tenåringen er dømd for å ha trent på å utføre terrorisme.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Sommaren 2020 vart tre 14-åringar arresterte for å dele ut politiske flygeblad i sibirske Kansk.
Då politiet sjekka mobiltelefonane til gutane skal dei ha funne planar om å sprenge ein Minecraft-kopi av hovudkvarteret til FSB, den føderale tryggingstenesta i Russland.
No er den eine guten dømd for å ha gjennomgått trening for å utføre terrorisme. Det melder RFE/RL.
Fem år i fengsel
Ein domstol i Sibir har dømt 16 år gamle Nikita Uvarov til fem år i fengsel, skulda for å ha laga sprengstoff og for å ha trent på å utføre terrorhandlingar.
Ifølgje OVD Info, ein russisk menneskerettsorganisasjon, skal gutane ikkje ha vorte sikta for Minecraft-planane direkte, men meldingane deira skal ha vorte brukte som bevis på at dei planla å utføre terrorisme. Det gjeld også meldingane som omhandla Minecraft-planane. Etterforskarane hevda at gutane kritiserte FSB i chatten, las forbodne bøker og laga eigne fyrverkeri, som dei sprengde i forlatne bygningar på heimstaden.
Dei to andre gutane skal opphaveleg ha tilstått og inkriminert den no dømde Uvarov, men dei har seinare trekt vitnemåla sine, melder avisa Meduza.
– Eg hadde ikkje tenkt å sprenge nokon, eg er ikkje ein terrorist, sa 16-åringen i retten ifølgje Meduza.
- Les også intervjuet med russiske Asya (17) og Valerija (21), som risikerer å verte stempla som «utanlandske agentar»: – Eg er redd for å miste jobben, redd for å verte teken til politiet, og redd for at det vert oppretta sak.