Verdens verste menneske er nominert til Oscar – to gongar

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 10.02.2022 16:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I dag vart Oscar-kandidatane annonserte, og Joachim Trier og Eskil Vogt sin Verdens verste menneske er nominert til to prisar: beste internasjonale film og beste orginale manus. 

– Det blir kalla «Oscar Race» av ein grunn. Eg har ikkje vore med på dette før, så eg er berre veldig, veldig spent, sa hovudrolle-innehavar Renate Reinsve til NTB i haust.

Ho henta heim prisen for beste kvinnelege skodespelar i Cannes i sommar, men fekk ikkje nokon Oscar-nominasjon for sin innsats i filmen.

Dette er dei nominerte til beste internasjonale film: 

  • Drive My Car (Japan)
  • Flee (Denmark)
  • The Hand of God (Italia)
  • Lunana: A Yak in the Classroom (Bhutan)
  • Verdens verste menneske (Noreg)

Desse er nominerte til beste originale manus:

  • Belfast
  • Don’t Look Up
  • King Richard
  • Licorice Pizza
  • Verdens verste menneske

Trur du Verdens verste menneske vinn Oscar?

Trur du Verdens verste menneske vinn Oscar?

Ja, sjølvsagt!4
Nei, for dårleg1
Usikker...3
Svar totalt: 8

«Herregud»

I Oslo er feiringa allereie i gang, for der har laget bak Verdens verste menneske følgd den direktestrøymde presentasjonen av dei nominerte.

På ein pressekonferanse seier Joachim Trier at dei venta på kategorien beste internasjonale film, for der tenkte filmskaparane at dei kanskje hadde ein sjanse.

– Så vert vi overraska over at min eldste samarbeidspartnar i alt dette, Eskil Vogt, og eg – som manusforfattarar – får ein nomasjon til Oscar. Det hadde vi absolutt ikkje rekna med, seier ein stolt og rørt Trier.

Også Vogt fortel at det var eit sjokk å få merksemd også i manus-kategorien:

– Eg veit ikkje kven andre som er nominert, eg berre såg namnet og «herregud», fortel han.

Kan verte første norske Oscar-pris for spelefilm

Til no har Noreg henta heim to Oscar-prisar, først då Kon-Tiki vann beste dokumentarfilm i 1951 og då Torill Kove vann for beste animerte kortfilm i 2006, for The Danish Poet.

Ingen norske spelefilmar har vunne Oscar – trass i at fem filmar har vore nominerte i kategorien beste framandspråklege film (som er dagens beste internasjonale film).

Filmane Ni liv (1957), Veiviseren (1987), Søndagsengler (1996), Elling (2001) og Kon-Tiki (2012) vart alle nominerte, men ingen lukkast i å gå heilt til topps.

Det næraste ein nordmann har kome ein Oscar-statuett for ein ordinær spelefilm, var då Morten Tyldum vart historisk som første nordmann nominert for beste regi for innsatsen med The Imitation Game (2014).


DON’T LOOK UP (L to R) JENNIFER LAWRENCE as KATE DIBIASKY, LEONARDO DICAPRIO as DR. RANDALL MINDY. Cr. NIKO TAVERNISE/NETFLIX © 2021