Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 23.11.2022 15:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Då Heine Totland var 20 år, var han akkurat ferdig med Romerike Folkehøgskole på Jessheim og hadde flytta til Bergen. Der tok han ex.phil, studerte kunsthistorie grunnfag og levde kollektivlivet med kompisane sine.

– Det var ei rar og litt forvirrande tid, der vegvala mine var ganske uklare, skriv han i ein e-post til Framtida.no.

– Skulle eg bli klassisk songar? Er det musikalar? Blir eg songar i det heile tatt? Eg virra litt rett og slett og prøvde å stake ut kursen vidare.

Fest og førelesing

I dag har han to soloalbum, utallige konsertar, konsertshow med Gisle Børge Styve og fleire store musikalar bak seg. Han har levd som musikar og skodespelar sidan 1994.

I tillegg har han blitt kjend som kokkemann etter at han vann MasterChef i 2015 og seinast som deltakar i Farmen kjendis denne vinteren.

Heine Totland reiste 100 år tilbake i tid i årets Farmen Kjendis. Foto: TV 2

Toppkarakter og draget

Som 20-åring levde Totland livets glade dagar, og kvardagen var fylt med førelesingar på Universitetet i Bergen og festing.

– Eg prøvde å ha like mykje draget som kompisane mine, utan at eg heilt klarte det, ler han.

Foto: Privat

– Men eg studerte hardt, tok kunsthistorie grunnfag på eitt semester, og fekk laud.

Laud er ein tidlegare toppkarakter ved eksamen ved universitet og høgskular.

Spinnvill tid

Det sterkaste minnet artisten har frå då han var 20, er det han skildrar som den spinnville tida i kollektivet i Jernbanevegen i Bergen.

– Hugsar du kva som skjedde?

– Eg tenker på den tida meir som ein tilstand. Me hadde mykje moro, samstundes som eg var ein ganske forvirra ung mann.

20-årsdagen hugsar han ikkje noko av, men han avslører at han heller aldri har vore så oppteken av bursdagar.

Dei viktigaste personane i livet hans, var kjærasten Katrine Lunde og kompisen Knut Leseth.

– Og min bror Finn. Han er berre 14 månader yngre enn meg, og me har alltid vore nære.

Beatles på vors

Totland fortel at han alltid har høyrt mykje på musikk, og som 20-åring gjekk det i alt mogleg – frå klassisk til jazz og rock.

– Me hadde ei greie med at når me skulle ut på byen, så spelte me alltid Beatles sin vakre ballade «The Long and Winding Road» før me gjekk ut. Rar måte å booste partystemninga, men det funka for oss.

Når dei kom heim att, sette dei ofte på adagioen i Mahlers 4. Symfoni.

– Så digga me September When, Lenny Kravitz og A-ha. Det optimale ute på byen var å danse og hoppe rundt og kræsje i kvarandre til Rage Against the Machine sin «Killing in the Name», minnest Totland.

Som ein Ragnar Hovland-roman

Heine Totland visste at det var songar han hadde lyst til å bli, og jobba mot det.

– Eg hadde skjønt på Romerike Folkehøgskule at eg faktisk kunne hevde meg, sjølv mot Oslofolka. Og det var artistar som pregar showbiz den dag i dag, seier han, og trekker fram kjende namn som Linn Skåber, Kristoffer Schau og Jonas Rønning.

Totland fortel at han fekk hovudrolla i den store oppsetjinga der det året, som Jesus i musikalen Jesus Christ Superstar.

– Så eg hadde litt sjølvtillit midt i all forvirringa. Det var ei kul kjensle.

Video frå Jesus Christ Superstar i 1999 på Bømlo:

– Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

– Framtida låg der og var utruleg spennande. Eg følte eg levde litt som i ein Ragnar Hovland-roman. Det var Vestlandet, men verda låg der. Alt var mogleg.

Totland ville ikkje råda 20 år gamle seg til å gjere noko annleis.

– Eg angrar ikkje på noko eg gjorde i den tida. Heller på ting eg ikkje gjorde.

– Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

– Dette går vegen unge mann! Fortset å virre rundt, du finn ut av ting etter kvart.


Jarle Bernhoft hadde sterkt brille-game allereie som 20-åring. Foto: Privat / Vegard Breie/TV2 / kollasj Framtida.no