Framtida
Publisert
Oppdatert 11.04.2020 12:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Av ein eller annan underleg grunn hadde eg bestemt meg for at eg ikkje likte å lese krim. Eller, påstanden er vel kanskje ikkje underleg om ein plasserer meg med resten av gjengen i stereotypien av ein blindernstudent med nokre studiepoeng i litteraturvitskap: ei gruppe som har lese litt for mykje kanonisert litteratur og er over gjennomsnittet glad i diktanalyse. Sjølv om steriotypen er noko A4, glir eg på mange område rett inn i formatet.

Etter å ha lese kriminalromanen Fallesjuke av Randi Fuglehaug skjønar eg at eg har gått glipp av noko. Det er lenge sidan eg har lese ei bok med slike vanskar for å leggje den i frå meg!

Debut som krimforfattar

Randi Fuglehaug er både journalist og forfattar. Fallesjuke er debuten hennar som krimforfattar.

Debutromanen opnar idyllisk med fire bunadsjenter som gjer seg klare for å kaste seg ut av eit fly i fallskjerm. Sola skin. Ikkje ei sky på himmelen. Eit perfekt postkortmotiv for å markere opninga av årets Ekstremsportveko på Voss. Blant bunadsjentene er Veslemøy Liland, som kastar seg ut frå flyget saman med venninnegjengen frå gamledagar. I nedfallet bryt ho formasjonen og fell i bakken med eit brak. Fallskjermen er vorte tukla med. Og det er mistanke om drap.

Eit av fleire vitne til dødsfallet er Agnes Tveit, hovudpersonen i romanen. Etter fleire år i VG har ho nyleg flytta heim til Voss for å jobbe i lokalavisa Hordaland. På mange måtar er ho eit godt bilete på ein antihelt, der journalistikken utgjer eit samansurium av kriminaletterforsking og hennar eigne utfordringar i å meistre vaksenlivet. Når Agnes tek fatt på saka kjem det opp både gamalt og nytt drama som inkluderer familie, relasjonar og livsforventingar. Under etterforskinga viser det seg å dukke opp fleire skjelett frå morkne skåp, drama som lett inkluderer og påverkar heile lokalbefolkninga i ei lita vestlandsbygd.

LES FLEIRE BOKMELDINGAR HER!

Språkleg framifrå

Forteljarstilen er morosam, ironiserande og attpåtil på nynorsk. Språkleg sett er den framifrå, noko eg vil seie er med på å gjere romanen så god som den er.

Handlinga blir litt for føreseieleg for min smak. Den er òg noko langdryg grunna store mellomrom mellom spenningstoppane, som gjer at det ikkje er noko temporoman. Likevel ber det med seg fordelar av at ein blir godt kjent med karakterane og får grave ekstra ned i både bygda og bygdedyret som følgjer med.

At Fuglehaug legg såpass mykje fokus på kjenslelivert til hovudpersonen er òg med på å bidra til eit langsamt tempo, men det gir likevel eit vart og sårbart preg, noko om ikkje hadde vore mogleg som kriminalmysterium åleine.

Handlinga er noko klisjéfylt og Fuglehaug har ikkje på nokon måte har revolusjonert sjangeren, men med kriminaletterforsking blanda med god gamaldags bygdesnakk på Vestlandet slår den likevel an.

Alt i alt er det ein spanande kriminalroman som eg vil tilrå unge vaksne og oppover. Likevel, smell landinga på boka like hardt i bakken som plottet sjølv, noko eg meiner er uheldig for ein elles glimrande roman.

LES OGSÅ: «Ninkolai» – eit lite meisterverk

Bjarte Daviknes Klakegg (f. 1969) debuterte i 2009 med prosasamlinga Heliumhjarte. Ninkolai (2019) er hans andre bok og første roman. Foto: Thomas Nøkling, Samlaget

FAKTA

Forfattar: Randi Fuglehaug
Utgitt: 2020
Sjanger: Krim
Forlag: Kagge