Det norske flagget kunne vore grønt med løvemotiv

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I år er det 200 år sidan stortingsmennene vedtok kva flagg som skulle vere Noregs fremste symbol for all framtid.

Etter grundig debatt i maidagane 1821, med heile 18 flaggutkast til vurdering, kom Stortinget fram til at dei ønskte variant nummer 3 i raudt, kvitt og blått, teikna av Fredrik Meltzer. Flaggfargane symboliserte fridom, meinte dei.

Heile 18 flaggutkast vart diskuterte og fleire av desse hadde løvemotiv. No blir alle forslaga viste fram utanfor Stortinget. Foto: Stortinget / NTB / NPK

Sjå fleire av forslaga i denne saka frå Framtida Junior!

Symbol på fellesskapet og folkestyret

Alle 18 utkasta skal no vaie i vinden utanfor Stortinget i heile mai for å markere 200-årsdagen til flagget.

− Flagget er eit resultat av Stortingets arbeid. Det vart valt av representantar for folket, og er eitt av dei sterkaste symbola på fellesskapet og folkestyret vårt. Det er ei viktig påminning om røtene våre, om utviklinga av folkestyret og kven vi er, og at vi bur i eit fritt land med demokratisk grunnlov, seier stortingspresident Tone Wilhelmsen Trøen (H) i ei pressemelding.

Stortingspresident Tone Wilhelmsen Trøen fotografert på balkongen på Stortinget 17. mai 2020. Foto: Stortinget

I år blir flaggjubileet ekstra viktig, trur ho, sidan pandemien igjen har sett ein stopp for den tradisjonelle 17. mai-feiringa.

Historikar Marthe Hommerstad har tidlegare skrive bok om politiske bønder sin kamp for demokratiet. Foto: Annica Thomsson, Cappelen Damm

− Barnetog og vaiande flagg på Karl Johan eller ved grendeskulen kan ikkje erstattast, men ønsket om å samlast rundt nasjonale symbol blir viktigare enn vanleg, seier Trøen.

Flaggstrid

Historikar Marthe Hommerstad meiner flagghistoria fortener merksemd.

− Flagget har vore gjenstand for strid og politikk fram til dagens nærast unisone oppslutning om flagget som eitt av dei fremste nasjonale symbola våre. Sjølv om det ikkje var eit fullverdig demokrati i 1821, så vart utsjånaden til flagget avgjort av folkevalde representantar i ein situasjon kor mange faktisk frykta for framtida til Grunnlova og Stortinget, seier ho.


Karina Gullberg-Vinje (18) i Stord Sosialistisk Ungdom meiner det bør flaggast over heile landet på samefolkets dag. Illustrasjonsfoto: Thom Rejnders