Vil inspirera andre jenter og kvinner
Nettopp dette gjer nok kjensla av å ha fått det til ekstra deilig. No håpar den unge flygaren at bragda hennar vil inspirera andre jenter og kvinner til å studera realfag.
– Då eg vaks opp, var det ikkje mange kvinnelege pilotar og dataforskarar å sjå opp til. Dette er to av lidenskapane mine. Derfor ville eg flyga rundt jorda, og forhåpentlegvis få andre jenter til å sjå på meg, og få dei til å tenkja at «Hei – eg vil gjerne gjera det same ein dag!».
Rutherford vil no finna seg sjølv i Guinness verdsrekordbok etter å ha tatt rekorden frå den gamle amerikanske flygaren Shaesta Waiz, som var 30 år då ho gjennomførte sin flytur.
Den yngste mannen til å ha floge verda rundt åleine heiter Travis Ludlow. Han var berre 18 år og 150 dagar då han gjennomførte bragda i fjor sommar!
- Les også intervjuet med Mali (15), som sa frå om «jentedømming» på fotballbana: – Må halde fram med å gje beskjed