Genevieve (17) skapar historie – første kvinnelege pitcher i australsk baseball
Genevieve Beacom rår unge jenter til å gjere det dei vil, og ikkje lytte til råd om å skifte idrett.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Australske Genevieve Beacom er berre 17 år gammal, men allereie har ho skapt historie.
Ho er den aller første kvinnelege pitcharen til å spele for eit profesjonelt baseballag i heimlandet. 17-åringen, som er signert under ei utviklingskontrakt hjå Melbourne Aces, fekk sin debut førre veke.
Etter kampen hadde ho følgjande beskjed til unge jenter verda over:
– Om nokon prøvar å presse deg til å gjere noko du ikkje vil, til å spele softball eller ein sport du ‘bør spele’ ikkje høyr etter, sa 17-åringen i eit videointervju delt på Twitter og heldt fram:
– Gjer det du vil gjere, og vit at om du jobbar hardt nok, så kan du defintivt klare det. Det er ikkje umogeleg.
Sjå video av Beacom på bana her:
Genevieve Beacom Professional Debut Highlights
Seventeen-year-old Genevieve Beacom becomes the first woman to pitch professionally in Australia, recording a scoreless inning against the Adelaide Giants in the Melbourne Challenge#GenevieveBeacom #ABL pic.twitter.com/1YdGK6ar33
— Melbourne Aces (@MelbourneAces) January 9, 2022
- Les også saka om likestilling i idretten: – Det finst jo eigentleg ikkje, fortel hockeyproff Emilie Kruse Johansen