Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 30.05.2022 13:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg las mykje sjølv, og eg trur både mamma og pappa las for meg. Eg likte alt frå Nancy Drew til Maria Gripe sine bøker, og då Harry Potter-bøkene kom, var eg i perfekt alder, så dei slukte eg, fortel Oda Malmin på e-post til Framtida.no.

34-åringen frå Stavanger mimrar tilbake til bøkene som prega ho som barn. I tillegg til bøker om amatørdetektivar og trolldom, gjekk det mykje i hesterelatert litteratur, fortel Malmin. Både bøker frå Penny-klubben og diverse fagbøker stod på leselista:

– Eg fann nett igjen Den unge rytter heime hos mamma, ei bok eg sikkert las dagleg i fleire år – det gjaldt å læra seg absolutt alt om dei ulike hesterasane og alt utstyret.

Bokklubb med kvinner på leselista

Oda Malmin debuterte som forfattar i 2018 med romanen Steinauge, som også sikra ho ein nominasjon til Tarei Vesaas’ debutantpris.

Omslag: Aschehoug

Då andreboka Skinliv kom i fjor meinte Framtida-meldaren at ho innfridde forventningane frå den prisnominerte debuten: «romanen er langsam, men den er langt i frå keisam,» skreiv meldaren og trilla ein 5-år på terningen.

I tillegg til å vere forfattar arbeider Malmin som politisk rådgjevar for kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen (Ap).

Ho fortel at ho les så mykje ho kan, men mindre ho skulle ynska. Helst les ho romanar, og mykje nyare litteratur:

– Eg er med i ein leseklubb der me berre les kvinnelege forfattarar, men totalt sett er det nok ganske 50/50. Og så prøver eg å lesa mykje norsk, og særleg nynorsk.

Framtida.no har teke ein kik i bokhylla hennar: 

Kva bok ligg på nattbordet ditt?

– Eg les alltid (for) mange bøker om gongen. No: Ut av krisen av Marte Spurkland, Samlede verker av Lydia Sandgren, Dolda gudar av Nils Håkanson og Jente, 1983 av Linn Ullmann. Og London av Nazneen Khan-Østrem, svarar Malmin og legg til:

– Og den fjerde Harry Potter-boka – eg les serien igjen no, det fungerer veldig godt som avslapping.

Medan My year of meats vekte både kvalme og fortviling hjå Oda Malmin, så fekk The blazing world ho til å tenkje: – Tankevekkande og underhaldande om kor kjønna kunstverda kan vera, og kor ofte kvalitet handlar om mykje meir enn berre verket isolert sett.

Kor les du?

– På toget til jobb, i godstolen heime eller i sofaen på hytta.

Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

– Eg hugsar at boka Barn 312, om ei jente som var født utanfor ekteskap under krigen, gjorde sterkt inntrykk, fortel Malmin og held fram:

– Men kanskje mest av alt Fuglane av Vesaas, som eg las og skreiv oppgåve om på ungdomsskulen. Den var skilsettande – korleis Mattis strever seg fram og etter kvart tar eit skjebnesvangert val styrt av kjærleik for systera. Det var òg denne boka som gjorde at eg blei skikkeleg glad i nynorsk.

Omslag og foto: Gyldendal Norsk Forlag

Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive?

– A little life. Å skriva nesten 900 sider og eit heilt liv – det er den draumen me ber på.

Kva bok og/eller forfattar meiner du er undervurdert?

– Barne- og ungdomsbokforfattarar! Dei skriv for eit krevjande publikum – ei målgruppe som ofte vil gjera alt mogleg anna enn å lesa, og i det som nødvendigvis er veldig formande år i livet, fortel Malmin og utdjupar:

– I tillegg er det å skriva frå perspektivet til eit barn eller ein ung person når ein er vaksen, slik desse ofte gjer, utan å forureina med vaksenfornuft eller etterpåklokskap, ei vanskeleg oppgåve.

Malmin understreker kor viktig det er at unge les:

– All honnør til forfattarane som skaper leselyst og leseglede for barn og unge.

Kva meiner du gjer ei bok god?

Opplevinga av at «dette kunne ha vore meg» eller «akkurat slik var det», meiner Malmin er ein styrke i ei bok. Kor vidt ei bok er god eller ikkje handlar difor ofte om attkjenning, for hennar del:

– Men det aller beste med ei bok synest eg er når eg kan reisa ein annan stad og vera eit anna menneske, anten det er palestinsk halvstudert røvar i Paris (Pariseren av Isabella Hammad), Marilyn Monroe (Blond av Joyce Carol Oates), tysk terrorist (Theres av Steve Sem-Sandberg), eller Afghanistan-soldat (Den første sten av Carsten Jensen).

Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

– Donna Tartt. Ho har skrive tre tjukke bøker – alle fantastiske – i løpet av dei siste tretti åra, og allmenta veit veldig lite om henne. Eg er veldig nysgjerrig på skriveprosessen hennar – og sjølvsagt òg på livet hennar.

Donna Tartt har skrive bøkene The Secret History (1992), The Little Friend (2002) og The Goldfinch (2013) Foto: AP Photo/Alessandra Tarantino

– Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

– Veldig vanskeleg spørsmål, det må vera nokon som skriv mykje, som Haruki Murakami eller Joyce Carol Oates.

– Kva for ei av bøkene dine vil du helst sjå filmatisert – og kven spelar hovudrolla?

– Eg trur kanskje Skinliv, som er meir handlingsdriven enn Steinauge, ville fungert best på film. Då ville eg gjerne sett Marte Magnusdotter Solem som Cecilie, Alexandra Gjerpen som Astrid og Vegar Hoel, hadde han vore i live, som Bjørn.

Om Skinliv hadde vorte om til film, hadde draumeversjonen til Oda Malmin hatt Marte Magnusdotter Solem (t.v.), Alexandra Gjerpen og Vegar Hoel i hovudrollene. Foto: National Theatret, Berit Roald / NTB, Heiko Junge / NTB. Kollasj: Framtida.no


– Eg tenkte dei vaksne visste så godt kva dei gjorde, dei hadde klare rammer på korleis eg skulle verte oppdregen, men eg følte dei faila så mykje, fortel Nellie Krokstad. Foto: Pål Laukli

Oda Malmin

Alder: 34
Frå: Stavanger
Utdanning: Nordisk språk og Midtausten-studiar
Yrke: Politisk rådgivar for kultur- og likestillingsministeren
Kor mykje les du sjølv? Så mykje eg kan, men mindre enn eg skulle ynska. Kanskje femti bøker i året?