Jannicke Totland
Publisert
Oppdatert 22.05.2023 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Oda Malmin (f. 1987) er frå Stavanger og bur i Oslo. I 2018 debuterte ho med romanen Steinauge, som vart nominert til Tarjei Vesaas’ debutantpris. No er ho ute med ein ny roman.

Og det er ikkje tvil om at den innfrir forventingane frå den førre.

I romanen følgjer ein Cecilie, Astrid og Bjørn som bur i same bygard i Oslo. Dei lever individuelle liv, men dei går rundt og lagar førestillingar om einannan. Ein fellesnemnar er at ingen av dei har livet på stell, og liva deira skal vise seg å få dramatiske konsekvensar for kvarandre.

Psykologiske portrett

Igjennom handlinga får ein eit tett innsyn i karakterane sine liv, tankar og kjensler. Gjennom skildringane blir det tydleg at alle tre har ulike utfordringar, som dei prøver å takle ved hjelp av ulike strategiar.

Cecilie er ambisiøs og har jobb høgt oppe i systemet i eit politisk parti. Ho og sambuaren har nett skilt lag, og ho strevar med å få kabalen til å gå opp på jobben og samstundes stille opp for sonen Edvard. Ho ofrar mykje, men ser ikkje sjølv at ho sjølv blir eit offer for det politiske spelet.

Astrid slit med å kome i hamn med masteroppgåva. Psykologen hennar seier at ho har tilknytingsvanskar. Ho er sjølvsentrert og slit med sitt eige sjølvbilete. Sjølv seier ho at ho har ein orm i magen som set ho ut av spel: «Eg vaknar, ligg eit sekund og kjenner etter. Kor er ormen, er han irritert, ulmar det, søv han?»

Bjørn er utdanna lærar, men har mista jobben då ein elev urettmessig melde han for ei misgjerning. Han har mista familien, men òg ryktet og respekten for seg sjølv. No er han også i ferd med å miste jobben sin som vaktmeister. Då Astrid spør om han ville leve evig dersom han fekk moglegheita svarer han blankt nei: «Dette livet i mange hundre år til. Tusenvis av år med skinliv. Eg trur eg takkar nei».

Langsam, men langt i frå keisam

Handlinga, som ligg tett opp til skildringa av karakterane er sår og uføreseieleg.

Måten karakterane handterer utfordringar på vekkjer uro og angst hjå lesaren. Det er då ein sit med ei kjensle av at noko kjem til å gå gale. Men klimakset blir aldri nådd. Det gjer at romanen er langsam, men den er langt i frå keisam.

Oda Malmin sin roman Skinliv fekk Jannicke Totland til å tenkje.

Velkomponert og tankevekkjande

Det er inga tvil om at romanen er velkomponert og at det er lite som er latt til tilfeldigheitene. At ein følgjer separate forteljingar, som likevel går inn i kvarandre gjer at komposisjonen kan likne noveller. Det, bygarden, og skildringa av liva til menneska som bur der gjer at eg får assosiasjonar til Frode Grytten sin roman Bikubesong.

Skildringa av menneskje åleine, men og i fellesskap får ein til å tenkje over kva som kan skjule seg under fasadane til menneska rundt ein.

Eg får assosiasjonar til Frode Grytten

Når det gjeld språket vekslar Malmin mellom bokmål og nynorsk, etter kvart som kva karakter ein følgjer. Det er med på å gje dei ulike karakterane særpreg. Språket er vakkert, men ligg likevel tett opp til kvardagen som blir skildra:

«Det dukkar ikkje opp nokon i vindauget der oppe no, ikkje eingong silhuettar, og når eg har røykt ferdig, er eg kald og går inn».

Alt i alt, er dette ein roman eg absolutt vil tilrå til unge vaksne og oppover!


Les også intervjuet med debutant Nora Heyerdahl om «Ok boomer» – og andre ting du kan seie til onkelen din om klima

NY BOK: Nora Heyerdahl er 21 år og har kjempa for naturvern så lenge ho kan hugse. I boka “Ok boomer – og andre ting du kan si til onkelen din om klima” skriv ho om sine erfaringar med vaksne som ikkje trur på klimakrisa. Foto: Martin Kopperud

Skinliv

Forfattar: Oda Malmin

Utgitt: 2021

Sjanger: Roman

Forlag: Aschehoug 

Sider:  268