Julegåvejakt til dei som har alt

Kirsti Sæternes
Publisert
Oppdatert 13.12.2021 08:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Å herre mi julekule! Eg blei skaka då eg innsåg at det var desember. Allereie? Eg har ikkje vaska hus, fiksa julepynt, laga julegåveliste, skrive ønskeliste eller hengt opp lys.

Kort sagt – førjulspanikken har ramma meg òg. Kven skal eg gi gåve til? Kva treng dei? Kva set dei pris på? Kva har eg råd til? Kva ynskjer dei seg?

– Førjulspanikken har ramma meg. Foto: privat

Bli med meg på jakta etter julegåver. Kanskje finn du nett det tipset du treng til personen som det var umogleg å skaffe gåve til!

Obs obs! Viss vi er sysken, eller du er forelderen min, ikkje les vidare! Eg avslører kva alle dokker får i gåve i år.

Miljøbevisst student i 2021

Mine tre største utfordringar er:

  1. Eg er på studentbudsjett. 

– Alle skal ha gåver, men pengane strekk så vidt til hybel og mat. Og straumprisane, dei snakkar vi ikkje om. Vi er på studentbudsjett, ikkje statsbudsjett. Altså: vi har ikkje mykje pengar å bruke.

  1. Alle har alt.

– Velkommen til Noreg i 2021. Vi lever i eit samfunn der «alle har alt». Det er vanskeleg å vite kva ein skal ønske seg, og endå verre å handle gåver. Det tykkjer i alle fall eg.

  1. Eg er miljøbevisst.

– Som drivaren av snapkontoen Miljoentusiast ønsker eg ikkje å promotere overforbruk. Eg vil heller ikkje sjølv ha masse ting eg ikkje treng. Eg har lite plass. Så då må eg jo ønske meg noko eg verkeleg har bruk for og treng, og det er også slikt eg vil gi. Men, sjå nr. 2.

Set i verk oppdrag julegåve

Eg vil ikkje vere Grinchen, så eg har ikkje anna val enn å hive på meg arvekåpa, ta på meg gjenbrukshatten, og gå på julegåvejakt.

Foto: privat

Og eg tenkjer hardt. Kva steg bør eg ta? Det første eg gjer er å bestemme kven eg skal gje gåver til (det kjem eg tilbake til seinare).

Så sender eg ei melding og ber om ønskelister til dei eg verkeleg ikkje veit kva skal få.

Mitt tredje steg er at eg går innom ein venn, og inviterer ho på brainstorming og brukthandling.

Vi tek beina fatt, og skravlar om nytt sidan sist og gåveidear på vegen.

Eit vellukka mislukka prosjekt

Dei første på lista mi er mor og far. Dei er ikkje kravstore folk, og for dei er det absolutt tanken som tel. Eg vil likevel ikkje gje dei noko dei ikkje får bruk for. Og eg må avsløre at eg allereie hadde ordna gåver til dei. Då eg sist var innom ein såpe- og velværebutikk fann eg nett det eg trengde. Mamma er glad i kremar av ulike slag, så difor kjøpte eg ein fotskrubb i fast form.

Løysinga på pappa-problemet var få meter unna. Eg såg ein såpebar som eg fekk pappa til å prøve for eit år sidan. Den gongen var det ei bygåve, men eg hadde også mine eigne motivasjonar for gåva. Forsøket gjekk ut på å få han til å gå over frå plastflaske-såpe til såpebar. Så eg kjøpte ein kvalitetsbar med spenstig lukt.

Forsøket blei både vellukka og mislukka. Pappa er sånn passe miljøinteressert, og likte baren godt, men han er også sjølve definisjonen på vanedyr (sorry, pappa), og har ikkje sjølv tatt initiativ til å kjøpe såpebaren etter at han gjekk tom. Så da blei gåvevalet sjølvsagt. Eg tar opp att prosjektet mitt. Og pappa blir nøgd.

Foreldre: Check.

Når Regnskogfondet blir julegåve

Besteforeldre er folk eg slit med på gåve-fronten. Dei har absolutt alt, dei. Og så er eg visst for gamal til å gje dei ei teikning med mine manglande kunstariske evner.

Medan eg og vennen min går seier ho: «Eg tenkte rett og slett å gje dei ein liten donasjon i deira namn.» Det var ikkje ein dum ide. «På den måten får du vist at du har tenkt på dei, eg har latt vere å bidra til bruk- og kastsamfunnet, og eg får støtta ei god sak.»

Det eg valde å gjere var å hive meg med på gåva frå resten av familien, då slapp eg å tenke meir på det i år. Når ein er litt seint ute så er det berre å vippse til muttern, så får ho ta seg av gåveproblemet. Kanskje litt kynisk, men eg har dårleg tid, folkens. Ver grei med meg.

Besteforeldre: I boks.

Gratis barnepass

Eg er så heldig at eg ikkje har ein kjæraste å føre opp på lista (eller uheldig, det kjem an på korleis du ser det, eg vel eit økonomisk perspektiv :’)). Men eg skal tipse deg om «Kjærastekupongar». Du kan skrive ting som «Eg spanderer kino», «30 minutt massasje», «Eg lagar ein fin middag heime» og liknande ting. Du kan gje så mange eller få lappar du vil. Denne funkar også på andre enn kjærastar. «Gratis barnepass», «vi seriebingar, eg spanderer godteriet» osv.

Eg skulle gjerne gitt mine eldste sysken gratis-barnepasskupong. Men eg bur for langt unna til at det vil funke. Dei er eit mareritt å ordne gåver til. Dei er veletablerte. Dei treng ingenting. I alle fall ikkje noko som eg, ein nittenåring med studentbudsjett, kan gi. Eg kan verken gje alpakkavandring eller fallskjermhoppkurs.

Mat? Te? Kaffi? Ei smaksoppleving er ein genial ide, det kan for eksempel vere frå ein nisjebutikk eller lokalprodusert. Men eg skal ikkje sjå dei før jul, og å sende dei eit lammelår i posten er ikkje heilt aktuelt.

Syskena mine tok saka i eigne hender. Dei sa at det ikkje var vits å gje dei gåve lenger. Dei trengde det ikkje.

Phew. Eg enda med å sende to flaxlodd i gåve, då. Ein liten takk for all hjelpa syster mi har gjeve meg i år.

Eldste sysken: ferdig fiksa. 

– Flax at eg kom på at eg kunne gje flax! Foto: privat

Kva treng du?

Mi yngste søster (ho er fem år eldre) ser eg nesten aldri grunna avstandar. Innimellom ringer eg ho. Ho veit godt om miljøengasjementet mitt, og sist prata vi om sminkefjernarpads som ein kan bruke opp att. «Jo», medgav ho, «Det hadde vore veldig kjekt.» Men det sto ikkje på prioriteringskjøpslista. Ho er nemleg også student. Minnet slo meg, og eg tenkte der har eg det! Eg gjekk og kjøpte gjenbrukberre sminkepads til ho. Så kan vi få ned bomullsforbruket i same slengen.

Syster: utført.

– Internhumor er også fint til gåver. Foto: Privat

Dei ønsker seg ingenting

Eg har to brør på 14 og 21. Og eg tykkjer at det er vanskeleg å ordne gåver til det motsette kjønn. Eg spurte litlebror min om kva han ville ha til jul, og han svarte at han ønska seg eit spesifikt spel. Eg tenkte med ein gong: ikkje sjans. Skjønte at det låg langt over mitt budsjett. Og andre bror min, han er ein sånn som aldri ønsker seg noko. Då er det ikkje lett å kjøpe gåve. 

Eg og vennen min stikk innom ein alt-mogleg-butikk, så eg ser kva eg kan skaffe. Eg kan kjøpe eit slikt sett med deodorant og parfyme til dei. Det er alltids kjekt å få, og deodorant er jo forbruksvare! Eg synes det er supert å få forbruksvarer.

Brør: ferdig då.

Samkjøpt er godt kjøpt

No har eg heldigvis ikkje fleire sysken, men eg er tante. Kva i alle dagar skal eg gje til born på 6, 7 og 8? Eg har ikkje lyst til å gje dei masse leiker som dei går lei av etter to veker. Leiker har dei nok av.

Eg og vennen min går innom bruktbutikken. Ho bråstoppar ved nokre kaffikoppar og tefat. «Mamma har fata til desse! Ho nyttar dei alltid til frukost!» Ho sender bilete og mora svarar at ho slett ikkje hadde blitt misnøgd med å ha heile settet. At sånt var jo ei fin julegåve. Blunkefjes. «Hm … dei blir litt dyre for meg. Eg skal ringe syster mi og høyre om vi skal kjøpe saman!»

– Vennen min enda med å samkjøpe koppane i gåve. Foto: Privat

Eg veit ikkje kva eg ser etter. Kva kan niesene mine få? Så blir eg slått av ein ide. Kva om eg kjøper fleire små ting? Eg kjøper to ubrukte pakkar bokbind brukt, og så kjøper eg fine scrunchies. Eg lagar to pakkar, og eit brev med to flaxlodd. I brevet står det at dei får skrape eit kvar, men må dele om dei vinn.

Nieser: pakka og klart.

– På bruktbutikken fann eg denne juleduken. Det er fint, for eg har lenge trunge duk. No kan eg sleppe å tenke på at eg må skaffe duk i ein hel månad. Det blir også mitt første stykke sjølveigd julepynt. Foto: Privat

Helsing di supre, superkule tante

Det er enklare med nevøen min. Eg fekk nemleg ei lang liste på kva han treng og vil ha. Blant anna ein heil haug plastleiker. Særleg, tenker eg. Men det står også ting som «Ein tur i bassenget». Eg hugsar at mora hans, altså mi eldste syster, pleidde å gje meg sånt då eg var lita. Det var veldig stas. Så eg lagar eit høgtideleg brev med ein kinoinvitasjon.

Foto: privat

Han bur såpass nært at det vil vere praktisk gjennomførleg. På det viset får eg også porsjonert utgiftene mine litt utover året, og eg får kvalitetstid med nevøen min. 

Nevø: ferdig mekka. 

Tvangsinvitasjon til å møtast

Det er mange folk det kan vere litt «tricky» å gje gåver til. Særleg veletablerte folk som ikkje treng noko. Ei moglegheit som eg ikkje har nemnt enno er handarbeid. Ein kan strikke vottar, sy ein brødpose, redesigne ein kjole, eller kanskje gje kupong på ein gratis klesreparasjon?

Men er noko som helst nødvendig?

På vidaregåande var eg i ein gjeng på fire. Dei tre andre flytta for å studere. Eg blei igjen. Men alle skal heim til jul. Så eg sendte ut ein veldig uformell invitasjon.

Foto: privat

Venner: ikkje tenk på det!

Dei andre vennene mine er også inneforstått med at vi ikkje kjøper gåver. Vi prøver å finne tid til kvarandre i staden. Kva seier du til å gå på teateret neste gong du er heime? Eg er i byen, skal vi ta ein kopp kaffi? Og så kan det jo hende at eg spanderer ein gong. For er det ikkje det julegåvene eigentleg skulle handle om? Å vere hyggelege? Å vise at du tenkjer på mottakaren? Gje noko med omtanke?

Det skal ikkje vere ei tvungen utveksling. Eg gir fordi eg fekk.

Og ein må ikkje gjere noko stort ut av gåver. Dei fleste har alt. 

Det vi ikkje har, er tid til kvarandre.

Den finaste julegåva eg fekk

Vi lever travle dagar, og har sjeldan tid til andre enn oss sjølv og dei aller næraste. Så det å avtale å ete ein middag ute, eller berre invitere til ei lita samling, det kan vere lyspunkt i vintermørket.

Vennen som eg drog med på dette gåve-eventyret flytta til andre sida av landet etter VGS, og eg har berre sett ho éin dag sidan sumaren. Ho sende melding og sa at ho kom heim tidlegare enn tenkt, og spurte om vi skulle finne på noko dagen etter. Det var den finaste julegåva eg kunne ha fått. Vi var saman heile dagen. Og det blei den beste dagen eg har hatt på lenge.

– Vennen min trong ny kopp og enda med å kjøpe denne. Foto: privat

Neste år skal eg begynne å planlegge i januar. Men det seier eg kvar desember …

God jul, @Miljoentusiast.


Kollasj laga av framtida.no sett saman av produkt frå lista. Bakgrunnsfoto: Joanna Kosinska /Unsplash