Uhyrleg interessant, men gapar over for mykje, meiner Jannicke Totland om Pandemiarkivene.

Jannicke Totland
Publisert
Oppdatert 22.05.2023 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Espen Stueland (f.1970) debuterte i 1992 med diktsamlinga Sakte dans ut av brennende hus. Sidan har han gitt ut ei rekkje bøker, og er ein erfaren litteraturkritikar, tidsskriftredaktør og essayist.

No er han aktuell med ei brennaktuell fagbok, som tek føre seg historiske pandemiar med særleg fokus på svartedauden, kolera og korona.

Todelt mål

Målet i Pandemiarkivene er todelt. På den eine sida studerer Stueland skjønnlitterære klassikarar og ser på korleis dei framstiller samfunn og enkeltpersonar i periodar med pest og pandemi. På den andre sida, studerer han dei medisinske aspekta.

Det gjer at det litterære blir ein inngangsport til å forstå medisinske og helsepolitiske responsar på pandemiar opp igjennom historia, som Stueland sjølv samanfattar: «Kulturhistorikere har vist veien på måter som gjør meg ellevill av begeistring» 

Menneska er sårbare

Sjølv om pandemi og karantenebestemmingar kan verke nytt for oss, er det ikkje nytt i ein historisk kontekst. I forteljingane om pest og pandemiar finst det skildringar av prøvingane samfunnet og enkeltmennesket blir sett på, og korleis kvardagen brått kan bli endra av frykt, sjølvoppofrande bistand og hjarteskjerande avskjedar.

Boka gjev ein god illustrasjon på korleis vitskap skyt fart under kriser og korleis kriser kan endre premissane for kva ein ser på som fridom.

Det blir òg tydeleg at menneska er sårbare – trass i teknologien ein har, og har hatt, tilgjengeleg. Det gjer det tydeleg korleis koronasituasjonen har gitt ein ny kontekst for lesing av eldre pandemilitteratur.

Utilgjengeleg, men av høg kvalitet

Med meir enn 400 fotnotar og ei litteraturliste på nesten 20 sider er det ingen tvil om at Stueland har sett seg inn i tematikken. Det støttar òg opp om at boka er mangefasettert og uhyrleg interessant.

Likevel, gapar ho over alt for mykje, noko som blir tydeleg ved Stueland si samanfatning av dei sentrale kjeldene i boka: «Hodges, Mead, Kircher, Linné, Paracelsus, Hooke, Galenos, Lind, Finke, Holst, Hirsch, Chadwick, Lochmann, Koch, Snow og Virchow, kolerakommisjoner og medisinske kollegier».

Språket er elegant og velformulert, men vanskeleg og utilgjengeleg. Av den grunn, kunne forfattaren med fordel brukt eit enklare språk for å nå ut til ei breiare målgruppe. I tillegg til det, gjer det akademiske språket, i kombinasjon med dei mangfaldige referansane til både litteratur og historiske personar at eg stiller spørsmål om boka burde vore ei doktorgradsavhandling, heller enn presentert i det gjeldane formatet.

For den tolmodige lesaren

Likevel, er det ingen tvil om at eg sit med mykje ny kunnskap etter å ha lese boka. Trass i det, er ho tung kost og retta mot den tolmodige, lærevillige og nysgjerrige lesaren.

Men den som er tolmodig vil òg ha stor glede av den gode frukta, særleg om ein har interesse for historie og litteratur.

Det gjer at eg vil tilrå boka til unge vaksne og oppover, som anten er særs interessert, eller har gått mange år på universitetet for å henge med på referansane.

Denne boka passar for: Ein tolmodig og nysgjerrig lesar med interesse for historie og litteratur.


Stillbillete frå Fortellinger fra dusjen.

Pandemiarkivene

Forfattar: Espen Stueland

Utgitt: 2021

Sjanger: Faglitteratur

Forlag: Oktober 

Sider: 353