«Tråder av tårer» av Maud Angelica Behn: Skapar leseglede

Magnus Rotevatn
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er ikkje nokon hyggjeleg start på boka Tråder av tårer av Maud Angelica Behn. Det finst ikkje spor av glede på dei fyrste sidene. I staden for møter med ei jente som græt og græt.

Likevel blei eg glad av å lesa boka – eg er nemleg ikkje i tvil om at ho kjem til å skapa masse leseglede hjå barn.

Boka er sett saman av eit langt dikt og illustrasjonar av forfattaren sjølv. Lyrikk og barn er to ord som ein sjeldan ser i den same setninga – men Behn får det til å funka.

Utdrag frå boka Tråder av tårer.

Særleg er det rytmen og ljodane i språket som imponerer. Det på ingen som helst måte revolusjonerande, men spesielt for barn som nettopp byrja å lese sjølv trur eg dette er midt i blinken. Det er deilig å bevega på leppene og kjenna ljodane bli forma i munnen.

Rett og slett er Tråder av tårer er ei bok som fascinerer. Det er lett å fortapa seg i boka sitt univers. Det er nok av detaljar som kan setja tankane i spinn.

Teikningane er òg med på å setja stemninga. Dei er fantasifulle og stør godt opp om teksten. Dei ber ikkje perg av hastverk, men vitnar om ein godt planlagd heilskap.

Tråder av tårer kan utvilsamt lesast fleire gonger. Boka tek barn på alvor og inviterer til eigen refleksjon. Ikkje minst trur eg at ho inspirerer til meir lesing. Kva meir kan ein ynskja seg?

Tråder av tårer er absolutt ei framifrå barnebok, men også vaksne og ungdom som treng ein ekstra dose med håp kan gle seg over ho.

Fakta

  • Tittel: Tråder av tårer
  • Forfattar: Maud Angelica Behn
  • Forlag: Juritzen forlag
  • Utgitt: Haust 2021
  • Sjanger: Lyrikk for barna