Forbyr reklame for kosmetisk behandling retta mot born

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Slutt på influencer-reklame i Danmark

Influencarar, eller påverkarar, si makt vert stadig diskutert. Det ligg i namnet, dei skal påverke folk, og for annonsørar som betalar påverkarar i dyre dommar er det få andre måtar som når kundegruppa så effektivt.

Men no må både påverkarar og annonsørar tenke annleis i Danmark. Frå 1. januar kjem det store endringar i marknadsføringslova deira, særleg retta mot påverkarar.

Det skriv den danske kringkastaren DR.

Ueigna for born under 18 år

Det blir ulovleg å reklamere for produkt som er vurdert ueigna for barn og unge under 18 år – men berre om reklamen er retta mot den målgruppa, eller dersom ein har mange følgjarar i den gruppa.

Dette er nokre av produkta ein ikkje kan reklamere for, dersom målgruppa er under 18 år:

  • Tattoveringar og kosmetiske behandlingar, inngrep i hud og underhud
  • Hårfjerning
  • Tannbleiking
  • Energidrikke
  • Slankeprodukt
  • Solarium
  • Produkt av seksuell karakter mot betaling eller ytingar (sugardating)

Om ein blir tatt for å ha brote lova kan ein få bot på minst 25.000 danske kroner (34.600 NOK) eller meir, avhengig av kor mykje den som blir tatt tener i året .

Ikkje like tydelege reglar i Noreg

Barn- og medie rundersøkelsen 2020 frå Medietilsynet viser at omkring halvparten av 13–18-åringar har fått reklame i sosiale medium for produkt som skal sørge for vekttap eller gi større musklar.

Instagram sine eigne undersøkingar viser at 32 prosent av tenåringsjenter hadde negative følelsar knytta til eigen kropp, og at Instagram fekk dei til å føle seg verre.

Spørsmål: Kryss av for alt du har fått reklame for på nett (for eksempel i sosiale medier) Kjelde: Barn- og medie rundersøkelsen 2020 frå Medietilsynet

I 2021 vedtok Regjeringa at retusjert reklame må merkast. I september same år innførte dei også eit fagutval for influencermarknadsføring, FIM. Målet er å sørge for å redusere utsjånad- og kroppspress blant unge på sosiale medium.

Kven som helst kan klage inn influencarkampanjar ein meiner er i strid med regelverket til FIM. Retningslinjene til FIM omfattar mellom anna reklame av kosttilskot og kosmetiske inngrep.

Utvalet ikkje gi ut bøter, slik det no blir opna for i Danmark. I staden kan dei berre gi ut fellande påtalar som kan skapa negativ omtale rundt påverkaren.

FIM har til dømes nyleg felt Sandra Fjeldberg for promotering av kosmetisk inngrep, og Melinda Johnsen som promoterte tannbehandling i Tyrkia fordi det «fremmes bilder av å ha foretatt et inngrep som klart kan bidra til kropps-og utseendemisnøye». 

Bilete frå Sandra Fjeldberg og Melinda Johnsen sine Instagram-profilar.

I Noreg er det elles ikkje like tydeleg reglar for marknadsføring mot barn, som lova som no trer i kraft i Danmark, sjølv om barn har eit særleg vern i marknadsføringslova. Ein skal til dømes ikkje spele på sosial usikkerheit, dårleg samvet eller dårleg sjølvtillit når ein reklamerer til barn.

I forarbeida til lova vert det understreka at reklame som speler på usunne eller urealistiske ideal vil kunne verte ramma.

Barneombodet og Forbrukarrådet meiner at reglane om marknadsføring ikkje er tilpassa den digitale kvardagen barn og unge lever i, og sendte i haust brev til Regjeringa der dei oppmodar til å gå gjennom lovverket og gi betre vern til barn og unge.

Påverkar: – Ikkje vår jobb å oppdra folk under 18 år

Den danske påverkaren Sasha Klæstrup reklamerer ofte for plastikkirurgi, og er ikkje nøgd med den nye lovendringa i heimlandet.

– Eg tykkjer det er vanvittig. Det er ikkje influencerar sin jobb å oppdra folk under 18 år og sei kva som er rett og gale. Det er eit val ein sjølv skal ta, seier ho til den danske statskanalen.

– Det irriterer meg at me influencarar får fotlenke på oss. Det skapar eit dårleg bilete om me ikkje seier kva me har fått gjort eller gjer. Så kan det sitje små born og tru at det er normalt at ein har store bryst eller lepper, seier Sasha Klæstrup.

Ho meiner ho ikkje har ansvar for følgjarane sine, og at foreldra til borna som følgjer henne må sjekke kven borna følgjer.

– Vernar ikkje born godt nok i dag

Simon Kollerup (S). Foto: Folketinget/Steen Brogaard

Næringsminister i Danmark, Simon Kollerup (S) meiner at det ikkje utelukkande kan vere foreldre sitt ansvar, og meiner det er viktig at samfunnet også har eit vern.

– Born i Danmark skal ikkje bli utsette for reklame for produkt som slett ikkje er eigna til born. Det blir dei ramma av i dag. Me vernar ikkje godt nok om våre barn og unge i dag, difor er det behov for at vi strammar inn lova, seier han til DR.

Det er Forbrugerombudsmanden (Forbrukarombodet) som skal ha tilsyn med at næringsdrivande følgjer marknadsføringslova, og skal vurdere kor alvorleg brotet på reglane er og handheve dette.


Ungdomsorganisasjonane feira gjennomslaget framføre Stortinget saman med påverkarane Janka Polliani og Kristin Gjeldsvik. Foto: Press