Framtida
Publisert
Oppdatert 30.05.2022 12:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Er du ein av dei som høyrer på musikken til Mozart når du les til eksamen? 

Den såkalla Mozart-effekten, teorien om at å høyre Mozart gjer deg smartare, er ein flittig brukt studieteknikk. Om han fungerer kan diskuterast, men Mozart sjølv var ein gluping som komponerte noko av den mest kjente klassiske musikken. Men kva inspirerte komponisten? Var det kanskje ein stare?

Kva kom først – staren eller pianokonserten?

28 år gamle Wolfgang Amadeus Mozart gjekk i 1784 inn i ein dyrebutikk i Wien. 34 kreuzer fattigare kom han ut med ein stare. Dei to skulle dele gleder og sorger i tre år.

Mozart elska fuglar. Som barn hadde han ein undulat, ein kanarifugl og ein raudstrupe. Det var også mens han var barn at Mozart begynte å komponere. Kanskje var det nettopp fugleflokken som påverka han til å lage musikk. 

Høyr på dei første tonane av Pianokonsert nr. 17. Høyrest det ikkje litt ut som fuglesong? Grunnen til at staren til Mozart er meir kjent enn undulaten til Mozart, er fordi fleire ekspertar spør seg: Kva kom først, staren eller pianokonserten? Det har seg nemleg slik at Mozart komponerte denne konserten på om lag same tid som han kjøpte staren. Og derfor har ulike myter vakse fram. 

Høyrest det ikkje litt ut som fuglesong?

Ei historie vil ha det til at komponisten gjekk inn i dyrebutikken, høyrde at staren song pianokonserten han nettopp hadde komponert – og enno ikkje delt med nokon! – og derfor tok med seg den skjebnebestemte fuglen heim. Ei anna historie fortel at Mozart var innom dyrebutikken fleire gongar mens han heldt på å komponere konserten. Og Mozart var glad i å plystre. Det er jo starar òg, så staren lærte likså godt pianokonserten under alle besøka. Til slutt kjøpte Mozart fuglen med seg heim. 

Ein tredje variant er at Mozart kjøpte fuglen og lærte han pianokonserten etterpå. Kva som er sanninga, veit vi ikkje. Men det vi veit, er at ikkje berre papegøyar kan ape etter lydar. Starar er kjempegode på å imitere dei òg. Dei kan herme etter blant anna andre fuglar og kattar, og det finst fleire videoar på nettet som viser dette. Staren til Mozart var så god at han blei eit populært festinnslag i Wien då han song delar av Pianokonsert nr. 17 for gjestene. 

To dødsfall, ei gravferd  

Slik levde staren og Mozart i gode og vonde dagar, heilt til staren ein dag ikkje song meir. Dødsfallet til fuglen gjekk hardt inn på komponisten. Veka før hadde han mista far sin, ein mann han hadde hatt eit trøblete forhold til. Mozart gjekk ikkje i gravferda til far sin. Staren, derimot, fekk ein av dei beste dyregravferdene ein kunne oppdrive. 

Fuglen blei gravlagd i hagen til Mozart, med ein eigen gravstein. Gjestane bar sørgeslør og song salmar, og komponisten delte eit sjølvkomponert dikt om det elska kjæledyret sitt.

Fire år seinare døydde Mozart. Nøyaktig kor han er gravlagd, veit vi ikkje. Berre aristokratar fekk gravsteinar med namn på den tida. 

Før Mozart døydde skaffa han seg ein kanarifugl, men vi veit ikkje om denne inspirerte til nokre store verk. Det vi veit om denne fuglen er at då Mozart låg for døden, blei kanarifuglen flytta til naborommet fordi Mozart ikkje orka å høyre på plystringa. 

No om hausten samlar staren seg i digre flokkar før han trekk sørover. Om du treng inspirasjon i eksamenslesinga, kan kanskje ein tur ut i frisk luft for å høyre på fuglesongen vere like effektivt som å høyre på Mozart. 


Gunvald Ottesen dirigierer i ein produksjon av «Figaros Bryllup» ved Noregs Musikkhøgskule i 2017. Foto: Sindre Ohrvik Hopland