«Du som sit med makta ville blitt sjokkert»

Ingeborg Dahle Raunholm (16)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette bidraget kom på andreplass i Framtida.no og Magasinett sin skrivekonkurranse om håp for framtida. 

Noreg, eit av verdas rikaste og lykkelegaste land. Landet der ein kan møte statsministeren på ferja og onkelen på slottet.

Noreg byr på vakker natur med djupe dalar og skyhøge fjell. Noreg har verdsmeistrar i  mangfaldige idrettar. Somme tider skulle ein tru Gro Harlem Brundtland hadde rett då ho sa «det er typisk norsk å vere god».

Landet med likestilling og rettar. Velferdsstaten Noreg, paradis. Noreg har kunsten å høyre, sjå, snakka og ignorera. 

Jente seksten, brunt hår, grøne auge. Draum? Å bli bekymringsfri.

Dame åtti, grått hår, blanke auge. Draum? Å bli tilgitt.

Kva med oss?

Konstitusjonelt monarki, stemmerett, likestilling, klimakrise, eldrebølge. Noreg, eit av verdas lykkelegaste land har også feil og synder. Dei fleste mindreårige ser landet bli styrt utan dei. Dei ynskjer foreldra lykke til når dei går til røystelokalet for å uttrykkje meiningane sine.

Kva med oss? Me som går på skulen? Skulen som du kanskje vil endra. Kven høyrer på oss? Elevrådet. Elevrådet er noko eg set mest pris på når eg går på skulen, det gjer at me elevar kan vera med å bestemma kva toastmaskin kantina skal ha eller kor mange fotballar me eigentleg treng i gymsalen. Men held det? 

Klokka femten byrjar NRK nyheiter, flaum, skogbrann, you name it. Det er eit spørsmål om tid. Eg kan donera nokre kroner til ein organisasjon på Instagram som vil hjelpa. Det er ikkje nok. «Kan Noreg hjelpa?» tenkjer eg medan eg ser eit barn bli redda ut nok ein gong. Klima, katastrofe og elende.

Blir påverka av politikk, om ein vil eller ikkje

Men dersom miljø er så viktig, kvifor sokk Miljøparitet Dei Grøne med 0,8 prosent på skulevalet? MDG burde jo strålt over sperregrensa for å vekka politikarane. Jo, me ungdommar er ikkje berre bekymra for naturkatastrofar, me ungdommar er opptekne av bestemor, Amerika, fråværsgrensa og alt imellom. Me er dei som vert kalla uansvarlege, fordi me har så klåre meiningar. Høyrer politikarane på oss?

Kven er dei neste politikarane? Meg og deg? Sjølv om me ikkje sit i ein av dei 169 stolane så gjer me eigentleg det. Om fire år er eg med på å styre Noreg. Eg gler meg.  

Kven er dei neste politikarane? Meg og deg?

Når eg tenkjer på politikk tenkjer eg krangling, debattar og sure kommentarfelt på Facebook. Eg blir påverka av politikk uansett om eg vil eller ikkje. Sosiale medium, aviser og familiemedlem berre for å nemne nokre faktorar. Politikken kan få folk saman og politikken kan skape usemje. Ei stemme er ikkje så mykje, korleis kan eg då påverke Noreg? Dei som vert valde inn skal likevel styre for meg og mitt liv, kvifor skal eg ikkje få seie mi meining? 

Noreg, vakn opp!

Eg er frå ei kystbygd på Vestlandet. Eg trykker på den raude knappen. Eg nektar å la barnebarna mine frykte for ekstremvêr, usikkerheit og krise. Noreg, vakn opp! Treng me meir forureinande utslepp når framtida blir eit mindre vindauge? To be or not to be, kva treng me eigentleg, kva skal prioriterast?  

Jente seksten, brunt hår, grøne auge. Draum? Å redde kloden

Dame åtti, grått hår, blanke auge. Draum? Halde seg lengst mogeleg heime. 

I Noreg er me ikkje alle utåtvende vinnarskallar. Me er sjølvkritiske og sjenerte. Det er sjeldan eg sit ved sida av nokon på bussen, og på ferja vil eg helst sitta i bilen. Eg forventar ikkje å få statsministeren bankande på døra for å høyre akkurat mi meining, eller alle meiningane til dei som er under 18 år. Men forsøk å forstå, me er engasjerte, og me vil. 

Dersom eg vart statsminister ein dag, ville eg høyrt meir på ungdommane. Eg ville laga samlingar i kvar kommune der elevrådsrepresentanten frå den vidaregåande skulen var til stades og tok opp ungdommane sine viktigaste saker. Sakene skulle dermed blitt stemde vidare til fylket og til slutt i ein sikker konvolutt rett til stortinget. 

Du som sit ved makta ville bli sjokkert

Eldrebølga, bompengar eller saker som du ikkje trur er like aktuelle for ungdommane har me framleis ei meining om, du som sit med makta ville blitt sjokkert.

Kva er viktig for meg, deg og alle andre under atten år? Er du ueinig, gjer noko med det! Meld deg inn i ungdomsrådet eller elevrådet, skriv eit meiningsinnlegg eller send eit brev med forsegla konvolutt til statsministeren. 

Eg skal visa at eg bryr meg, at eg kan og eg tør. Gratulerer Noreg, du har fått ei ny stemme. Ei seksten år gamal jente, denne gongen med håp. Det er overskya med glimt av sol, regnet kjem. Regnbogen blomstar, og eg heiar på deg. Eit fritt land, der alle får høvet til å meine.


Juni Sletten Sætervik vann skrivekonkurransen om håp for framtida. Foto: privat