Halve Noreg har gitt kvarandre ein klem etter gjenopninga

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I undersøkinga Norsk koronamonitor svarer 48 prosent at dei den siste veka har gitt ein klem til nokon som ikkje bur i eigen husstand. Blant dei yngre under 30 år svarer 58 prosent det same.

– Noreg opplever for tida klemmerekord under pandemien. Men med tanke på at det meste no er lov, er det kanskje meir oppsiktsvekkjande at halve Noreg droppar å klemme på kvarandre, seier seniorrådgivar Nora Clausen i Opinion.

Sist veke oppgav 21 prosent av dei spurde at dei kjende seg einsame for tida som følgje av pandemien.

Dette er ein nedgang på 4 prosentpoeng frå veka før Noreg opna opp.


Erle Berntsen (9), Maya Khurseed (9) og Marla Kamprath Buli (snart 9) trur at dei får vera mykje på skulen i haust. – Fleire og fleire blir vaksinert, det hjelper på viruset, seier Erle. Foto: Marthe Husabø