Bokmelding: Dei tilsette – formatet yter ikkje plottet rettferd

Elise Solvåg
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei tilsette av Olga Ravn er ein dansk snakkis, og vart nominert til årets International Man Booker Prize. Boka er ein ganske unik kombinasjon av science fiction og den etter kvart så populære fragmentromanen. Romanen er berre bygd opp av «vitneutsegner», samt opnande og avsluttande kommentarar frå eit utval som etterforskar ei hending.

Eg har aldri vore borti denne kombinasjonen av sjangrar før, så eg var veldig spent.

Det sekstusande skip

Vi er på det sekstusande skipet, men det kjem ikkje tydeleg fram kvar eller når vi er. Vi møter mannskapet på skipet, men får aldri vite namna på nokon av dei. Ein del av skipet er menneske, medan ein annan del er «menneskeliknande».

Dei har nettopp henta nokre gjenstandar på ein planet kalla Nyoppdaginga. Desse gjenstandane skaper ei viss uro på skipet, og dess meir tid mannskapet får med desse gjenstandane, dess verre blir det.

Kven er kven?

Det faktum at vitneutsegnene ikkje har avsendarar ein kan skilje mellom, gjorde det vanskeleg å forstå i starten at det ikkje er unike forteljarar, men at nokre av dei gjentek seg. Det er likevel bortimot umogleg å forstå kven som er kven.

Ikkje berre kven som er menneskeleg eller ikkje – som jo sikkert er noko av poenget – men vanskeleg å forstå kven som er knytte til kven.

Eg skulle òg ynskt at nokre av fragmenta i starten var litt meir forklarande, for så fort ein var komen halvvegs inn i boka ville ein gjerne vite kva som hadde skjedd – eit engasjement det var vanskeleg å opparbeide i starten. Det tek seg altså opp, men ein vil jo gjerne bli dregen inn frå starten av.

Spennande plott, men…

Tru mot opphavet for science fiction, utfordrar Ravn vårt syn på samfunn, menneskelegdom (om enn noko overtydeleg til tider), i tillegg uttrykker ho menneskeleg angst på ein framifrå måte.

Det er ei god bok, og eg synest plottet og tanken bak romanen er veldig spennande og interessant. Eg trur derimot ikkje fragmentformatet yter plottet rettferd, og skulle ynskt det var skrive meir som ein tradisjonell roman.

Utan eit skildra univers eller kjende karakterar, er det vanskeleg å setje seg inn i ei heilt ny verd. Det gjer at ein må tenke litt ekstra, og underhaldningselementet i science fictionen forsvinn.


Ebba Schjølberg Eiring kunne godt teke fredagstacoen med Frode Grytten, og skulle ynskje ho hadde skrive Napoli-kvartetten til Elena Ferrante!

Ebba Schjølberg Eiring (26) debuterer med ungdomsromanen «Alt er OK». Foto: Anna Torst Saatvedt

Dei tilsette

Forfattar: Olga Ravn

Omsetjar: Inger Bråtveit

Utgitt på norsk: 2021

Sjanger: Science fiction-roman

Forlag: Samlaget

Sider: 130