Jannicke Totland
Publisert
Oppdatert 22.05.2023 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Heidi Furre er født i 1986 på Stord og debuterte i 2014 med romanen Parissyndromet. No er ho ute med den fjerde romanen sin, som handlar om ei langt meir traumatisk reise.

Med sine dryge 140 sider og lette skrivestil, verkar Makta ikkje ut som ein tungvektar ved første augnekast. Likevel, går det ikkje lenge før ein forstår at boka er blytung på grunn av den dystre tematikken.

Liv og makta

I romanen møter ein Liv, ei middelaldrande kvinne som er gift og har to små barn. Ved å følgje ein nær monolog, følgjer lesaren ho på reisa etter at ho vart valdteken i studenttida og korleis det har prega ho fram til i dag. Det gjer at boka handlar om korleis ein lever vidare etter ei valdtekt.

I tillegg til det, handlar romanen om ulike typar makt. I romanen møter ein til dømes ein kjendis som er ein valdtektsmann, men likevel lever eit respektert liv på grunn av kjendisstatusen.

Vidare, møter ein rike kvinner med ein viss type utsjånad og stil: «Å bere Acne-jeans er ei maktutøving, for berre visse typar kroppar passar inn i dei.»

Sist, møter ein makta til den valdtekne, som har makta til å fortelje at ein er valdteken til kva tid ein vil.

Hjarteskjerande

Romanen er fortalt frå offeret sin synsvinkel, noko som gjer forteljinga særleg hjarteskjerande. Det, i kombinasjon med statistikken: «Ei av ti norske kvinner er valdtekne» gjer det grusamt å lese korleis ei hending kan prege eit heilt liv. Og ikkje minst å tenkje på at det er ein realitet for så mange i dag.

Furre sin skrivestil gjer at forteljinga gjev inntrykk. Og dei nære skildringane av både hovudpersonen sitt indre liv og miljøet gjer at inntrykket heng att lengje etter at ein har lese romanen:

«Når eg tenker på den natta, er det oftast utan han. Han er eit grått hol nokon har klippa ut av minnet. Tenker mest på daude objekt, som det klamme sengetøyet eller stukkaturen i taket.»

Sitatet viser òg at Furre har eit vakkert, nært og poetisk språk. Og at ho er ein meister på å lage korte og slåande setningar. Det er og noko som er gjennomgåande i dei andre romanane hennar, og er med på å gjere ho til ein så god forfattar som ho er.

Ei av haustens viktigaste bøker

I alt, er Makta ei av hausten sine viktigaste bøker. Det er då Furre tør å skrive om eit såpass tabu tema utan å underdrive handlinga. I tillegg til det fortel ho ei historie frå offeret sin synsvinkel, noko eg trur kan bidra til å betre forstå korleis ein kan snakke om tematikken og ikkje minst møte folk som har liknande erfaringar.

Likevel, går den tunge tematikken noko ut over lesaropplevinga, samt at idéen eller persongalleriet ikkje er særleg originalt. Sett bort i frå det, gjer viktigheita at eg vil anbefale romanen til alle unge vaksne og oppover.


Forfattar Heidi Furre hadde gjerne sett Zendaya spele hovudrolla i filmversjonen av si første bok, Parissyndromet. Foto: HBO Nordic / Privat

Fakta om Makta

Forfattar: Heidi Furre

Utgitt: 2021

Sjanger: Roman

  Forlag: Flamme Forlag

Sider: 144