Norsk koronamonitor frå Opinion har gjennom pandemien spurt 25.500 nordmenn om dei den siste veka har gitt ein klem til nokon som ikkje bur i eigen husstand.
I august seier 43 prosent at dei har gitt nokon ein klem. Det er 8 prosentpoeng høgare enn i juli og heile 19 prosentpoeng over gjennomsnittet for pandemien.
– Under pandemien er dette klemmerekord med klar margin. Men eit fleirtal prøver framleis å halde igjen på å klemme dei dei ikkje bur saman med, seier seniorrådgivar Nora Clausen i Opinion.
Nesten fire av ti, 37 prosent, seier at dei den siste veka har vore i situasjonar kor mange var samla utan at det var mogleg å halde ein meters avstand til andre. Dette er 7 prosentpoeng høgare enn i juli og er òg høgaste nivå som er målt.
