Fakta
- Tittel: Evelyns innboks
- Forfattar: Victoria Durnak
- Forlag: Flamme Forlag
- Utgitt: 2021
- Sjanger: Roman
Same dag som Evelyn fyller femti år bryt livet hennar samen. Alle e-postane ho nokon gong har sendt eller teke imot er blitt lagde ut på nett i eit ope arkiv. Ingen veit kven som står bak.
Konsekvensane blir enorme. No har alle innsyn i dei djupaste løyndommane til Evelyn. Dottera hennar vil ikkje ha noko med hennar å gjera, og ektemannen vil skiljast. Evelyn stoppar kontakten med omverda og flyttar til ei hytte i skogen.
Dette er utgangspunktet for boka Evelyns innboks av Victoria Durnak, som er hennar femte roman. Durnak arbeider også som biletkunstar og har gjeve ut poesi.
Evelyns innboks ligg i grenselandet mot science-fiction. Me er i ei verd som godt kunne ha vore vår eigen, men som ikkje er heilt lik likevel. Det er lett å bli fascinert! Men sciencefiction-elementa er òg romanen sitt svakaste punkt. Det er ikkje berre-berre å bryta med verkelegheita – i denne boka er ikkje arbeidet gjort godt nok. Eg slit med å akseptera korleis ting heng saman. Når eg treng meir tid til å forstå, dundrar handlinga berre vidare framover.
Dramaturgisk er Evelyns innboks eit godt konstruert meisterverk. Handlinga har eit bra driv, og som seg hør og bør i ein page-turner sit lesaren alltid igjen ein sterk trong etter å få veta meir.
Kvaliteten på både språket og personskildringane er ujamne. Periodevis er det flatt og uinspirert. Språket går ofte i ein tralt eg føler eg har lese mange gonger før, men i gylne augeblinkar tek det seg heldigvis kraftig opp og klarar å bli fresht og nytt. Eg saknar òg nyansar og meir djupleik hjå personane som blir skildra.
Det var fornøyeleg å lesa Evelyns innboks. Men når boka er ferdig sit eg igjen skuffa. Er dette alt? Boka lovar og prøver å få til så mykje, men innfrir berre delvis.
LES OGSÅ: Bokmeldinga av «Denne er for deg, Jesusa!»: – Briljant!