Syng om reinflokken i nytt verk: – Ingenting er meir normalt enn dette livet for meg

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Livet med rein er ulikt arbeid til ulike årstider, der vêr og vind bestemmer når ting skjer. Annleis er det jo med mitt musikalske liv med datoar og kalender, så her gjeld det å finne ein slags balanse i kor mykje skal eg turnere og kor mykje tid eg set av til å vere med heime i reindrifta. Eg er med så ofte eg kan, seier ho og forklarer at nokre gonger handlar det om å «hive seg rundt og køyre heim når det først skjer noko».

– Andre periodar set eg av til å kunne komme heim og få det pusterommet eg liker å ha.

Marja Mortensson gjorde inntrykk på mange TV-sjåarar i NRK-satsinga «De neste».

Eigentleg er ho ikkje blant dei neste, ho er her for lengst: Fleirfaldig kulturprisa, Spellemann- og NOPA-prisvinnar, nominert til Nordic Music Prize og med ei stemme som ifølgje samarbeidspartnaren Daniel Herskedal «får dresskledde EU-menn til å sippe» når ho blir send ut for å vise fram det beste av norsk kultur.

Marja Mortensson har med seg Daniel Herskedal (t.v.), Jakop Janssønn og Kringkastingsorkesteret på sitt nye album «Raajroe – The Reindeer Caravan». – Eg er alltid nysgjerrig på nye klangar, så å gjere noko saman med orkester har alltid vore ein idé eg har hatt. Det er noko eige å faktisk driste seg til å tørre å spørje Kork om dei vil vere med på mitt prosjekt og min musikk, seier Mortensson. Foto: Ellen Agneta Norvang

Syng om reinraiden

– Utruleg morosamt å lage ei visuell verda til musikken, seier Marja Mortensson som har teikna dei kvite figurane på singelcoveret, medan Thomas Barlund laga måleriet og stod for artworket til utgjevinga på Mortenssons eige plateselskap Veadta. Foto: Handout

Neste månad kjem fjerdealbumet «Raajroe – The Reindeer Caravan». Eller reinraiden, på norsk. Tittelen er inspirert av den tida då forfedrane sela reinsdyra og dei drog pulkane etter seg på vinteren.

– Dette er ei tid eg sjølv aldri har opplevd, og det gjer det så spennande å lære meir om. Eg er fødd og oppvaksen med reindrifta, men den har definitivt endra seg dei siste generasjonane. Den munnlege forteljartradisjonen vår er jo historieformidlinga vår, og joiken ein viktig del av han. Dei erfaringane som blir skapte ute i naturen, er noko vi som barn får oppleve og prøve oss på, seier Mortensson.

Ho prisar farmora si for å fortelje om korleis ting var før i tida for det ivrig lyttande barnebarnet.

– Dette albumet er måten eg tolkar historiene frå den tida på, spedd med erfaringane mine, forklarer Marja Mortensson – som akkurat hadde vore i reininngjerdet og merka kalvane sine då NTB tok kontakt. Ho er klar i talen på kor viktig oppveksten i eit sørsamisk reindriftssamfunn, Svahken Sïjte aust for Femunden i Engerdal, har vore.

– Å ha med seg dette frå barnsbein av har forma den sørsamiske identiteten min, og ingenting er meir normalt enn dette livet for meg.

Synleggjering

Men då ho voks opp, merka ho kor lite kunnskap det fanst om sørsamar og kor stort Saepmie – sørsamisk for det samiske landet – faktisk er: At det strekkjer seg så langt sør som Hedmark.

– Å ha med seg dette frå barnsbein av har forma min sørsamiske identitet, seier Marja Mortensson om det å vekse opp i reindrifta. Foto: Jørn Kristensen

– Det vart ein måte å synleggjere kor stort det er, seier ho om måten ho har løfta fram sørsamisk joik på plateutgivingane sine. Musikken er då også måten ho skaper sin eigen arena for å bruke sørsamisk. Ho sakna det å ikkje høyre musikk på sitt eige språk, og det ville ho vere med på å endre.

– Eg byrja å skrive songtekstar tidleg, sidan det er så få moglegheiter elles til å få brukt sørsamisk i storsamfunnet rundt oss. Eg er veldig glad for at det har fått ringverknader, og at eg gjennom så mange fine samarbeid med ulike musikarar, både samiske og ikkje-samiske, kan dele av arven vår.

Herskedal har sagt om stemma hennar at ho «har ei nerve, utvikla gjennom mange generasjonar, som gir ekstra djupn». Sjølv seier Mortensson at ho har tenkt mykje på korleis historia blir fortald – og av kven.

– Kva er historia mi, og kvifor er det samiske nærværet så godt skjult så mange stader i Noregs land og Saepmie? Joiken er ein utruleg viktig del av forteljartradisjonen vår, og med han vart ein måte å formidle på nesten borte. Så det eg hentar fram av gamle joikar er jo stemmene til dei tidlegare generasjonane, som igjen høyrest – med perspektivet mitt lagt til.

Urframføring på Røros

Allereie er ein forsmak av reinalbumet til Marja Mortensson å høyre, i form av singelen «Johtelohke – The Migratory Route». Ho seier tittelen er vanskeleg å omsetje direkte til norsk, for johtelohke kan både bety rørsla, flyttinga, så vel som sjølve flyttevegen.

– Desse rutene i landskapet formar leia der reinen går. Teksten til singelen krinsar rundt flåtten frå vinterlandet, til vårlandet, til sommarlandet. Dette er kunnskap som ein berre må erfare for å forstå. Og heile låten er for meg ei skildring korleis reinen bevegar seg gjennom eit landskap som stadig endrar form.

«Johtelohke» startar heilt nedpå, vakkert og inntrengjande med Marjas stemme, før lydbiletet vidar seg ut til det mektige når heile Kringkastingsorkesteret blir med inn i musikken hennar. Då er vi ifølgje Marja inne i reininngjerdinga og kan høyre korleis flokken vandrar i sirkel.

– Det er eit enormt lydbilete å jobbe med. Men ønskte mitt er jo å invitere Kork inn i joik-verda, lage nye klangar og musikalske verdsbilete. Joiken har den allsidigheita at den er eit sterkt uttrykk som overlever tida og kan utforskast i mange samanhengar, seier Mortensson, som urframfører albumet live med Kork 1. oktober i Røros kyrkje under den sørsamiske festivalen Raasten Rastah.

Her er Marja Mortensson i full sving med å merke reinkalvar i reingjerdet heime i Svahken sijte i Engerdal. Foto: Daniel Herskedal

Ikkje kutte pulsen

Dagens reindriftssamar lever med konsekvensane av tidlegare tiders fornorskingspolitikk, samtidig som ein slit med nye utfordringar, påpeikar Mortensson overfor NTB:

– Språket står svakt i det sørsamiske samfunnet, joiken har vore stille, og reindrifta har vore under press lenge.

– No ser vi konsekvensane av stadig nye «grøne» idear og inngrep i naturen. Naturrekreasjon og nasjonalparkar skal no vere ein stad der ein skal ha mange folk inn i naturen, medan reinen er avhengig av å ha moglegheit å følgje trekkrutene sine. Nokre tider i året, spesielt rundt kalvinga om våren, er det ekstra viktig å ha uforstyrra område. Då kan det ikkje vere sånn at det skal vere høgsesong for turistar, eller at det blir bygd vindkraftverk, vasskraftverk, gruver midt i desse kjerneområda, seier ho:

– Området ser kanskje urørt ut, men dei eldgamle linjene i terrenget finst der om du veit korleis du ser dei. Vandringa til reinen har sin puls og hovudpulsåra må ikkje kuttast av. (©NPK)