Langvarig mangel på p-pille i Noreg

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Legemiddelverket har opna for at apoteka kan ta inn utanlandske piller som svarer til Qlaira-tablettane, men også desse er det vanskeleg å få tak i.

– Det har dessverre vore ein usikker leveranse. Vi har høyrt at det er vanskeleg å få tak i tilsvarande p-piller frå utlandet, seier medisinsk fagdirektør Steinar Madsen i Legemiddelverket.

Dei sende i april ut melding om at det er mangel på Qlaira.

Blir brukt som endometriose-behandling

P-pilla blir brukt på grunn av endometriose av ein del kvinner i Noreg, men medikamentet er ingen storseljar. Rundt 2.200 kvinner bruker denne pilla, medan talet på norske kvinner som bruker p-piller, er om lag 300.000.

Den langvarige mangelen er uvanleg og kjem i dette tilfellet av mangel på hormona som skal vere i pillene.

Bekymra for uønskte graviditeta

Madsen seier at p-piller er ei viktig behandling, og at det kan skape bekymring å måtte byte prevensjon.

– Vi er spesielt redde for at det skal skje uhell i samband med at ein går frå ei pille til ein annan. At det kan oppstå uønskte svangerskap, seier Madsen.

Nokre p-piller gir høgare risiko for blodpropp viss ein byter.

– Norsk helsepersonell er flinke til å skrive ut dei pillene med lågast risiko for blodpropp, seier han.

Også mangel i Sverige

Madsen ber dei som bruker Qlaira, om å kontakte helsepersonell i god tid før ein er tomme for pillene sånn at ein kan få ein annan prevensjon.

Forseinkingane av p-pillene blir merka i fleire land. I Sverige er alle apotek utselt for Qlaira, ifølgje SVTs kartlegging.