Noreg stansar tvangsreturar til Afghanistan
UDI og UNE har vedteke å stanse tvangsreturar til Afghanistan fram til 15.september, opplyser dei i ei pressemelding.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Bakgrunnen for utsetjinga er eskalering i konflikten mellom Taliban og afghanske styresmakter, som medfører forverring av tryggingssituasjonen i landet.
Avgjerda inneber at personar som har fått endeleg vedtak om retur til Afghanistan ikkje har plikt til å forlate Noreg så lenge returstoppen varer.
Det gjeld for personar frå Afghanistan som anten har fått avslag på søknad om vern, har vorte utviste frå Noreg, har fått opphaldsløyvet kalla tilbake eller oppheld seg i Noreg, og har fått avslag på søknaden om opphaldsløyve.