La oss snakke om 22. juli er kanskje årets viktigaste bok. No er det endeleg på tide at barn òg blir inkluderte i samtalen om terrorangrepa, skriv bokmeldar Magnus Rotevatn.

Magnus Rotevatn
Publisert
Oppdatert 22.05.2023 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei siste ti åra har det blitt skrive mykje om terrorangrepa 22. juli 2011. Men nesten alt har vore skrive for vaksne. No er det på tide å inkludera barna. For å gjera noko med dette har Thomas J. R. Marthinsen skrive La oss snakke om 22. juli. Det er ei sakprosabok for barn. 

I arbeidet med boka har forfattaren reist til ulike skular og samla inn spørsmål. Kva er det eigentleg barn i Noreg lurer på om 22. juli? Desse spørsmåla har han tatt med seg til ulike personar med viktig kunskap om hendingane 22. juli 2011. Svara som dei gjev har blitt til innhaldet i boka. 

Tek barn på alvor

Boka er pedagogisk og trygg. Føre kvart kapittel er det eit kort samandrag som fortel kva akkurat dette kapittelet handlar om, det gjer boka lett å navigera i og førebur lesarane når det kjem ting som kan vera vanskelege å lesa om. Elles er innhaldet overraskande lett å forstå. Spårket er enkelt og nøkternt. 

Dette er ei bok som tek barn på alvor og ikkje nedvurderer deira evne til å forstå. Her får nysgjerrigheita ta mykje plass. Forfattaren har ikkje vore redd for å beskriva ting sånn som dei faktisk er. 

La oss snakke om 22. juli kan vera eit godt utgangspunkt for samtalar mellom barn og vaksne. Bakarst i boka finn me òg ein liten del mynta på vaksne. Her kan ein til dømes finna nyttige råd om korleis ein kan snakka med barn om 22. juli og andre vanskelege tema. 

Omslag: Solum Bokvennen

Kva kan eg gjere?

I eit av intervjua i boka seier Utøya-overlevande og tidlegare AUF-leiar Ina Libak dette:

Å lære noe, krever at vi gjør noe. I den verdenen vi lever i, er det mye vondt å se på. Og vi må snakke som det som er vondt. Vi må ha steder der vi kan gå for å se hva som har skjedd tidligere i historien. Vi må se det brutale. Hvorfor? Fordi det gir engasjement til å gjøre verden bedre. Det gir forståelse. Det håper jeg folk sitter igjen med når jeg snakker om det som skjedde i terrorangrepet her på Utøya. At de ikke bare tenker at det var grusomt, men at folk tenker: Hva kan jeg gjøre?

Eg synest at det er utruleg godt sagt. «Hva kan jeg gjøre?» Ingen av oss kan endra fortida, men me kan skapa endring her og no. 

I boka kjem det tydeleg fram at terrorangrepa 22. juli ikkje var ei tilfeldig ulykke. Det var eit målretta angrep mot ungdom som ønska å delta i demokratiet. 

Me kan gjera noko for å hindra at liknande ting skjer igjen. På spørsmål om kva barn kan gjera svarar Thor Langli, som var på jobb som politi i Oslo 22. juli 2011, dette:

Barn skal forsette med å inkludere alle. Uansett religion, hudfarge og enten man er utviklingshemmet eller frisk og rask. Barn skal sørge for å være gode venner. Vi voksne – og da mener jeg alle voksne i Norge – har et ansvar for å skjerpe oss. Det er ikke greit om vi sitter i bilen vår og slår i rattet og roper «jævla homo» eller «jævla svarting» til noen – uansett om det er barn til stede eller ikke. […] Vold er ingen løsning. Hvis en jente sparker fotball i burka skal hun ikke bli noe mobbeoffer av den grunn. Hvis ikke hun har et problem med det, burde ingen andre ha det heller. Så enkelt er det.    

Barna er framtida

Barn bør vera ein del av demokratiet vårt. Då er det viktig at me sørgjer for å inkludera dei. Også barn har viktige meiningar og kan skapa endring. Akkurat som vaksne så fortener barn god innformasjon om kva som skjer i samfunnet vårt. Boka La oss snakke om 22. juli er eit viktig bidrag til nettopp dette. 

Barna er det viktigaste værktøyet me har for å skapa eit godt samfunn. Det er klisjé, men det er faktisk barna som er framtida. Me er nøydde til å læra dei om verdien av demokrati og kor viktig det er å ta vare på det. Barn kan meir enn det me ofte trur. 

Eg håper mange barn får mogelegheita til å lesa La oss snakke om 22. juli. Det er ei særs viktig bok. 


Åra etter terroråtaket, har AUF vald å ta Utøya tilbake som samlingsplass. Her talar Ina Rangønes Libak til dei som er samla på sommarleir på Utøya. Foto: Fenris film

Fakta

Tittel: La oss snakke om 22. juli

Forfattar: Thomas J. R. Marthinsen

Illustratør: Els Cools

Forlag: Solum Bokvennen

Utgitt: 2021

Sjanger: sakprosa for barn