Telle og Annie med ny DJ-festival: – Det gir håp og inspirasjon

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

14. til 20. juni er det premiere for Hot! Hot! Hot! i Bergen. Festivalen hevdar å vere «Noregs største DJ-festival», og byr på namn som mellom anna Lindstrøm, Gundelach, André Bratten, Prins Thomas, Bjørn Torske, Biosphere, DiskJokke, Vinny Villbass, Drippin, Olefunken, Mental Overdrive – og Annie sjølv.

– Det kjennest euforisk å endeleg skulle kunne danse og høyre ny musikk og kjenne på tung bass. Denne festivalen blir ein festival som skal samle heile DJ-Noreg innanfor restriksjonane som framleis gjeld, seier Telle, som har ein visjon om å gjere Hot! Hot! Hot! til ei årleg hending.

Men særleg i år er den spesielt viktig, meiner dei to – som inviterer klubbmiljø frå heile landet til USF Bergen desse kommande junidagane.

– Eg trur at ein festival som denne kan bety mykje for klubbmiljøa. Kanskje først og fremst fordi dei fleste klubbar i landet har vore stengde over så lang tid no, så dette vil bli ei fin samling med fleire DJ-ar frå heile landet som skal spele i løpet av ei veke, seier Annie, som gler seg til å spele ein annan stad enn i si eiga stove.

– Det blir godt faktisk å kunne gå ut på klubb, danse, sjå andre danse og endeleg vere samla.

Musikkmanager og plateselskapsgrunnleggjar Mikal Tellé blir ofte kalla ei av hovuddrivkreftene bak bergensbølgja. Foto: Emil Weatherhead Breistein

Gir håp

Mikal Telle seier til NTB at han trur det er veldig viktig for denne delen av musikkbransjen og musikkmiljøet til å få gjennomført ein festival, og det på fleire nivå.

– Først og fremst har du artistar, arrangørar, designarar, teknikarar, produsentar med fleire som alle lengtar etter å gjere det dei er gode til: Å lage eit dansegolv der publikum kan drøyme seg vekk, slå seg laus, føle seg fri. Men det er òg viktig å komme i gang og sørgje for at det ikkje blir for stor kompetanseflukt, understrekar Tellé, før han legg til:

– Ein festival no gir håp, inspirasjon og ikkje minst set den folk i arbeid.

I premiereveka rykkjer over 100 DJ-ar inn i Bergen, og skal opptre for eit publikum som vil telje 50 personar innandørs og 200 personar utandørs av gongen på konsertstaden USF Verftet, totalt 1.000.

– Vi er midt i pandemien, og vi er framleis ikkje tilbake der vi ønskjer. Men dette er eit viktig steg i riktig retning. Så er det verd å nemne at vi jobbar med eitt av Noregs aller beste konserthus, som har god erfaring med handtering av smittevern, og profesjonelle aktørar med erfaringar med arrangement under pandemien, seier Mikal Telle.

Annie vant popkategorien i årets Spellemann. Foto: Michael Ray Vera Cruz Angeles

Samlar DJ-landet

Den nye festivalen spring ut frå miljøet rundt Mikal Telle og Annie som går heilt tilbake til 1993. Musikkmanageren og plateselskapsmannen ønskjer å danne det han kallar «ein nasjonal hub» for DJ-kulturen.

Derfor inviterer Hot! Hot! Hot!-arrangørane spelestader frå Oslo som Blå, Villa Kafé Hærverk og Jaeger til Bergen for å kuratere delar av programmet. Også bergensbaserte Ploink, plateselskapet Mhost Likely og Ekkofestivalen er med på kuratorlaget, i tillegg til Annie sjølv.

– Eg trur det er viktig å byggje bruer mellom ulike byar og ulike arrangørar, spesielt no som pandemien har halde oss frå kvarandre. Vi håpar å knyte sterkare band mellom artistar, klubbar, arrangørar, aktørar, bygder og byar, seier Telle med eit smil.

Legendariske Biosphere, alias Geir Jenssen, blir å oppleve under Hot! Hot! Hot! i Bergen. Foto: Biosphere.no

Utilsikta størst

Han røper at det eigentleg ikkje var heilt planlagt at Hot! Hot! Hot! teiknar til å vere Noregs største DJ-festival. Eigentleg drog arrangørane moroa i gang for å lage ei oppleving for publikum som ikkje har fått danse saman på over eit år.

– Når det er sagt, så har vi utilsikta sett saman det som kanskje er den største lineupen av DJ’s Noreg nokon gong har sett, og det blir jo gøy for alle involverte, trur han.

Mikal Tellé og Annie håpar å skape det dei kallar «heilt unike musikalske opplevingar».

– Vi har booka alt frå Goatrance, Chicagohouse, London-inspirert Jungle, Northern Soul, afrobeat og Berlin-inspirert Techno. Det er verd å nemne at legenda Biosphere speler eksklusiv konsert, seier Mikal Telle, som kan love publikum internasjonal vegetarmat på ein ny matmarknad mellom danseslaga. (©NPK)

LES OGSÅ: «Sliteneliten» vil knuse kapitalismen med platedebut: – Vi kjem truleg til å gå i dundrande minus

Vossingen Synneva Gjelland spelar gitar og syng, Ylva Gulpinar frå Oslo spelar gitar, notoddingen Silje Strøm spelar tverrfløyte, levangsbyggen Inga Haugdahl Solberg spelar klassisk fiolin, Thea Marie Kvam frå Inderøya er trommis og flekkefjæringen Maria Refsland spelar bass. Foto: Signe Rosenlund-Hauglid